– Regjeringas satsing på forsking på kunstig intelligens er riktig og på høg tid. Men det må vere ei reell satsing med friske midlar, seier Unio-leiar Ragnhild Lied.
Torsdag 7. september lanserte regjeringa ei milliardsatsing på forsking på kunstig intelligens og digital teknologi. Forskingsinnsatsen på feltet aukar med ein milliard kroner dei neste fem åra. Forskinga skal vise kva for konsekvensar teknologiutviklinga har for samfunnet.
– Den teknologiske utviklinga har aldri gått raskare, og har aldri hatt så inngripande verknad på samfunnet vårt. Vi har eit enormt kunnskapsbehov på brei front, seier Lied.
Ho er klar på at det må vere ei reell satsing, ikkje berre flytting av pengar innafor Kunnskapsdepartementets budsjett, slik uttalen frå regjeringa kan sjå ut.
– Eg merka meg statsminister Støres uttale om at vi treng frie og kreative tankar, og statsråd Borch som uttala at vi treng å forske meir på det ukjende, det vi kjem til å trenge kunnskap om på lengre sikt. Dette må få budsjettmessige konsekvensar for forskinga. I klartekst betyr dette behov for høgare løyvingar til grunnforsking.
Tre hovudspor
Satsinga frå regjeringa vil ha tre hovudspor:
- forsking om konsekvensar av kunstig intelligens, med tema som demokrati, tillit, etikk, økonomi, personvern og undervisning og læring
- digitale teknologiar som forskingsområde i seg sjølv
- forsking på korleis digitale teknologiar kan brukast til innovasjon i næringslivet og offentleg sektor
Unio-leiaren er særleg glad for å lese at forskinga skal sjå på kva konsekvensar digital teknologi og kunstig intelligens kan få for vårt ope, demokratiske samfunn med høg tillit til både styresmakter og institusjonar.
– Vi veit at mange kommersielle aktørar ivrar for å utvikle digitale læringsressursar. Vi må vite meir om kva dette har å seie for barn og unges læring, for personvern og for demokratiet vårt. Skal vi behalde vårt tillitsbaserte og demokratiske samfunn må forskinga på og utviklinga av teknologi og kunstig intelligens vere basert på vårt verdigrunnlag.
– Derfor er det så viktig med ei brei satsing, der ulike forskingsmiljø samarbeider om å auke kunnskapen på feltet. Både eit samfunnsvitskapeleg og pedagogisk perspektiv er avgjerande for å forstå konsekvensane av den teknologiske utviklinga. Vi treng òg meir kunnskap om korleis vi kan regulere dette området, avsluttar Lied.