Færre vil bli lærar: – Kritisk for samfunnet

– Kvalifiserte lærarar er den viktigaste faktoren for barn og unges læring, vekst og trivsel. Får vi ikkje nok lærarar, svekker vi grunnmuren i kunnskaps- og kompetansesamfunnet vårt, er Unio-leiar Ragnhild Lieds første reaksjon på krisetala frå Samordna opptak.

Talet på søkarar til barnehagelærar- og grunnskolelærarutdanningane fell dramatisk samanlikna med tala frå 2022. Her er det færre enn ein søkar per studieplass. Dette er fjerde året på rad med nedgang. Både distrikta og byane opplever stor nedgang.

– Det tyder på at dette er ein nasjonal og vedvarande trend. Det er kritisk for samfunnet og no trengs det tiltak frå arbeidsgjevarar og politikarar, seier Lied.

Statsråd Ola Borten Moe ga uttrykk for bekymring på dagens presseseminar, der tala på førstegangssøknader til høgare utdanning blei presenterte. Lied merka seg at statsråden sa at «vi treng fleire med mastergrad, og at den såkalla «mastersjuken» no ser ut til å bli en «mangelsjukdom».

– Det er eg samd i. Norge treng høgt utdanna menneske og vi treng at høgare utdanning skal bli meir anerkjend og verdsett, seier ho.

Færre søkarar til helsefaga

Nedgangen i helsefaga er på 7,5 prosent samanlikna med 2022. Nedgangen i søkarar til sjukepleiarutdanninga held fram. Frå ein rekordnedgang i 2022 på 23 prosent, fell tala på søkarar ytterlegare med 12,5 prosent i år.

– Sjølv om det er fleire søkarar enn studieplassar, er dette likevel eit varsko. Sjukepleie er det største helsefaget, og det yrket som manglar flest tilsette. Då må vi søke å snu den negative trenden mens vi enno har tid, seier Lied.

Søkertala viste også nokre positive tal. Både radiografar, fysioterapeutar og ernæringsfag opplever oppgang i søkartala.

– Dette er viktige yrkesgrupper i eit helsevesen som må begynne å tenke langt meir tverrfagleg og førebyggande, avsluttar Ragnhild Lied.

Meir informasjon om årets søkartal finn du på: Søker- og opptakstall 2023 – Samordna opptak