– Kjønnsnøytralitet er ingen garanti for likestilling

– Den siste tida har vi fått klare varsel om at den kjønnsnøytrale tilnærminga som gjennomsyrer samfunnslivet, kan få skadelege følgjer for kvinner, skriv Unio-leiar Ragnhild Lied i ein kronikk i Dagens Perspektiv.

– Det er bra at vi ikkje lenger omtalar ein helsesjukepleiar som helsesøster, ein riksmeklar for riksmeklingsmann eller eit ombod for ombodsmann. Kjønnsnøytrale yrkestitlar er ei naturleg utvikling.

– Men no er Kvinnehelseutvalet, juristar, forskarar og til og med FN samstemte; den norske kjønnsnøytrale tilnærminga til politikk, lovutforming, helse og samfunnsliv er ingen garanti for likestilling mellom kvinner og menn. Heller tvert om. Ofte sit kvinner igjen som taparar.

Lied skriv mellom anna om Kvinnehelseutvalget, at frontfaget er kjønnsnøytralt og at kvinnelønna framleis lever, at det er menn som får yrkesskadeerstatning og at FN er bekymra for at Noreg med si kjønnsnøytrale utforming av politikk og lover kan miste blikket for kvinners vern og rettar.

Ho konkluderer med at skilnadene ikkje berre er biologiske, men også strukturelle og sosiale.

– Det er sjølvsagt framleis ei rettesnor å behandle  kvinner og menn likt, men på nokre område må vi behandle dei ulikt for å oppnå likeverd, skriv Ragnhild Lied.

Les heile kronikken i Dagens Perspektiv.

Les også – Høyt utdannede må ha lønn for den utdannelsen de har