Tydeleg prioritering i utdannings- og kompetansepolitikken

I dag la regjeringa fram stortingsmeldinga om kompetansebehov i Norge. I Utsynsmeldinga prioriterer regjeringa kompetanse for eit høgproduktivt og konkurransedyktig næringsliv, kompetanse for å ha gode velferdstenester over heile landet og kompetanse for det grøne skiftet.

– Regjeringas ønske om å prioritere hardare blir omtalt som «tillitsreform i praksis». Men det kan også sjåast som at universiteta og høgskolane blir pålagt å tenke meir kortsiktig enn klokt er, meiner Unio-leiar Ragnhild Lied.

Kortsiktig prioritering må ikkje gå ut over breidda i høgare utdanning

– Eg er uroa over at regjeringa no legg for stor vekt på dei kortsiktige behova i arbeidslivet, seier Lied om signala som kjem i meldinga.

– Når regjeringa vil vurdere korleis universiteta og høgskolane kan auke omfanget av fleksible og desentrale utdanningstilbod for å møte behova i arbeidslivet, må det leggast til rette for at det faktisk er mogleg å få dette til utan at det går ut over det breie mandatet UH har. Forsking og god undervisning er den beste investeringa vi kan gjere for å sikre det langsiktige kompetansebehovet, som få av oss tør å spå noko om, uttalar Lied.

Det er dessutan ikkje slik at det grøne skiftet berre krev teknologisk kompetanse, tvert om må vi utdanne økonomar, juristar og samfunnsvitarar og andre som kan bidra til ønska utvikling.

Fleire studieplassar i sjukepleie løyser ikkje alt

I meldinga skriv regjeringa at ho framleis vil prioritere studieplassar i sjukepleie.

– Dette er positive signal, seier Lied, men eg har også merka meg at regjeringa meiner dette ikkje er ein garanti for at vi får fleire sjukepleiarar på sikt. Det er framleis ei utfordring å få sjukepleiarar til å bli verande i jobben.

Dette er utfordringar vi har peika på i våre innspel til regjeringa. Rekruttering og dimensjonering er berre delvis svaret, vi må og sjå på kvaliteten og sikre god nok finansiering av utdanningane. Av meldinga er det vanskeleg å lese kva endringane i finansieringskategoriane vil innebere i praksis. Dette får vi først svar på i budsjettproposisjonen for 2024.

– Eg vil særleg peike på det meldinga meiner er ein flaskehals, nemleg tilgangen og kvaliteten på praksisplassar. Her hadde eg håpa et meldinga ville gi litt tydelegare signal om korleis dette kan betrast. Eg set mi lit til at profesjonsmeldinga, som kjem om eit år, tar dette opp i full breidde, uttalar Lied.

Så vil Unio framleis jobbe for betre arbeidsvilkår, fleire heile stillingar og lågare sjukefråvær, slik at fleire kan stå lenger i yrka.

Viktige signal om å kvalifisere arbeidskraftreserven

– Det er positivt at regjeringa vil prioritere å gje fleire en sjanse til å kvalifisere seg for deltaking i arbeids- og samfunnsliv, og at regjeringa vil satse for at fleire kan ta del i etter- og vidareutdanning. Regjeringa vil utvikle ei kompetansereform i samarbeid med partane i arbeidslivet, dette ser eg fram til, avsluttar Lied.