Helsepersonellkommisjonen stiller rett diagnose på dagens situasjon: sjukepleiarmangel og anna helsepersonellmangel er overalt, i kommunane og i sjukehusa. Kriseforståinga er i høgste grad til stades, og det er bra at ein omsider har eit felles kunnskapsgrunnlag og ei felles forståing av verkelegheita.
Det skriv Unio-leiar Ragnhild Lied i Dagens Perspektiv i dag.
Det er heilt nødvendig å kunne vidareutvikle og forbetre tenestene gitt dei demografiske endringane samfunnet står ovanfor.
– Befolkninga treng at det blir investert i mellom anna fleire sjukepleiarar, fysioterapeutar og ergoterapeutar både i kommune- og spesialisthelsetenestene. Vi skal førebygge meir, det krev rett kompetanse på rett stad til rett tid. Og vi treng at helse har ein rettmessig del av arbeidsstokken og at budsjetta blir auka, skriv Unio-leiaren.
– Kompetanse må vere grunnsteinen i alt helsetenesta skal bygge på. Samansettinga av team, frå ulike profesjonar, må byggja rundt behova til pasientane og befolkninga. Dersom ein prøver seg med løysingarsom ikkje er gjennomtenkte eller fagleg godt forankra, så er det sjølve oppskrifta på eit todelt helsevesen. Noko som igjen vil føre til auka personellmangel i offentleg helseteneste.
– Når arbeidsgjevarar landet over seier at det er helsepersonell dei slit mest med å få tak i, handlar det jo om at innbyggjarane, du og eg, sårt treng denne kompetansen. Den verkelegheita må gjenspeglast i reelle økonomiske prioriteringar frå politiske styresmakter. I motsett fall må politikarane ta det ansvaret dei er tiltrudd og fortelje befolkninga kva slags helsetenester dei ikkje kan forventa å få. No er det tid for handling – også frå politikarane, skriv Lied.