Dette var hovudbodskapen Unio-leiar Ragnhild Lied ga då NOKUT feira sitt 20-årsjubileum.
– Norsk utdanning har høg kvalitet. Vi utdannar fagarbeidarar med brei og solid kompetanse, vi bygger ut eit viktig utdanningssystem i høgare yrkesfagleg utdanning, og vi utdannar unge og vaksne ved universiteta og høgskolane med kompetanse som arbeidslivet treng. Dette er eit godt utgangspunkt for dei endringane vi ser kjem i samfunnet og arbeidslivet. Vi er godt rusta til å klare dei endringane. Det viktigaste no er å sikre at utdanningssystemet har rammevilkåra til å oppretthalde og utvikle kvaliteten vidare.
Med desse orda opna Unio-leiar Ragnhild Lied sitt innlegg på NOKUT-konferansen 2023, som fant stad på The Hub i Oslo sentrum onsdag. Tema for konferansen var korleis sikre og utvikle utdanningskvalitet i ei tid med endringar både i Noreg og i Europa.
Gjennom 20 år har NOKUT stadig forbetra arbeidet med å føre tilsyn med, informere om og bidra til å utvikle kvaliteten i norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning.
To viktige føresetnader
Unio-leiaren meiner kvaliteten i vårt høgare utdanningssystem blir best om NOKUT ser på kvalitet på dei to systema sine eigne premissar. Då må to viktige føresetnader vere på plass.
– For det fyrste må vi sjå på høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning som to ulike system, med kvar sine viktige samfunnsmandat. Fagskolane skal vere praksisnære og raskt kunne møte nye kompetansebehov i arbeidslivet. Dette skal sjølvsagt også universiteta og høgskolane klare, men dei har likevel eit langt breiare mandat. Dei skal utdanne, forske, drive utviklingsarbeid og formidle, og dei skal levere på høgt internasjonalt nivå.
– Den andre premissen er like viktig for arbeidet med kvalitet. Det høgare utdanningssystemet må ha rammevilkåra til å jobbe både kortsiktig og langsiktig. Utdanning er investering. Samfunnet vårt får igjen for den investeringa. Løns- og arbeidsforhold for tilsette i høgare utdanning er ei investering i kvalitet. Eg blir uroa når eg les i Forskarbundet sin rapport at mange vurderer å gi opp forskarkarriera si. Dette har samfunnet vårt slett ikkje råd til, avsluttar Ragnhild Lied.