Nokre få vekers frist til å uttale seg om endring i finansieringskategoriane i høgare utdanning, er ikkje eit godt grunnlag for god involvering og medverknad, seier leiar i Unio, Ragnhild Lied.
Saman med leiar i Forskarforbundet, Guro Elisabeth Lind, har Lied i brev til statsråd Ola Borten Moe bede om ein betre prosess, og at både tilsette i høgare utdanning og relevante partar blir involverte i prosessen.
Bakgrunnen for saka er Hatlen-utvalet sitt forslag om å redusere finansieringskategoriane i høgare utdanning. No har departementet bede institusjonane i høgare utdanning om å uttale seg om ei rekkje forslag til endringar, med berre nokre få vekers frist.
– Hatlen-utvalet oppfordra regjeringa til ein solid utgreiing før endringane skjer. Dette støtta vi i høyringa om rapporten frå utvalet, uttalar Lied.
Ho reagerer dessutan på at ikkje dei involverte partane er inviterte til å komme med innspel.
– Det vi no ser, er det stikk motsette av god involvering. Ein grundig gjennomgang der tilsette blir involverte, tar meir tid enn nokre veker.
– Eg etterlyser regjeringa si satsing på tillitsreforma i høgare utdanning. Dette er eit skoleeksempel på korleis tilliten blir svekka, ikkje styrka, avsluttar Lied.