Både samfunnslivet, arbeidslivet og næringslivet er avhengig av at vi har ei god utdanning for barn og unge i heile landet. NHO har heilt rett når dei skriv at “Vi kan trygt slå fast at skulen er næringslivet sin viktigaste leverandør”. Då må vi ha godt utdanna lærarar, meiner Unio-leiar Ragnhild Lied.
– Lærarar er blant dei med lengst utdanning i kommunane. Kunnskapsrike og kloke lærarar er den viktigaste innsatsfaktoren for elevane. Då må det løne seg for lærarane å ha investert i ei lang utdanning.
Tal som KS har levert TBU viser at lærarane over tid har hatt klart lågare lønnsutvikling enn andre grupper i kommunane, trass i at dei er mellom dei med lengst utdanning. Slik kan det ikkje halde fram.
Difor har eg stor forståing for denne streiken, seier Ragnhild Lied.
Les også Unio-leiarens replikk her