Med 120 års erfaring og kompetanse er Det norske maskinistforbund (Dnmf) forbundet for maskinoffiserer og anna teknisk personell før, no og i framtida
Dnmf har medlemmar innanfor internasjonal og innanriks skipsfart. Mange av Dnmf sine medlemmar er spydspissen i dei maritime næringane som utgjer ein viktig hjørnestein i mange norske lokalsamfunn og skapar store verdiar i heile landet..
– Noreg har ein lang og stolt historie på havet. Gjennom århundrer har sjøfolk, fiskarar og maskinistar vore på jobb ved kysten vår. Norge kan hav. Det følgjer mellom anna av den unike kompetansen Dnmf sine medlemmar har, seier Unio-leiar Ragnhild Lied.
– Maskinistforbundet organiserer også brann og redningsetatane, samt teknisk personell i helseføretaka og i kommunane og har ei avgjerande rolle innan beredskap, seier Lied.

Forbund med gjennomslag
Maskinistforbundet har oppnådd små og store sigrar på vegne av medlemmane, no seinast i samband med lovforslaget om norske lønns- og arbeidsvilkår på norsk sokkel og i norske farvann.
– Eg er imponert over korleis Maskinistforbundet jobbar politisk klokt opp mot styresmaktene. Difor blir dei lagt merke til, og dei blir lytta til, seier Unio-leiaren.
Viktig røyst i Unio
Maskinistforbundet er eit viktig forbund i Unio-familien og ei svært viktig røyst i Unio-styret.
– I ein hovudorganisasjon som i stor grad er representert i offentleg sektor, er Dnmf ei viktig røyst som trekker inn næringslivet, og ikkje minst maritim næring, sitt perspektiv i Unio. Det er ingen tvil om at Dnmf gjer Unio til ein meir dynamisk, mangfaldig, sterkare og meir truverdig hovudorganisasjon når me møter dei andre store aktørane i trepartssamarbeidet, seier Ragnhild Lied.