Den internasjonale sjukepleiardagen

I dag er det den internasjonale sjukepleiardagen. Sjukepleierdagen blir markert den 12. mai kvart år fordi det var Florence Nightingales bursdag.

Ho sa ein gong: “Det arbeidet som duger, er det som blir utført av dyktige hender ledet av en klar hjerne og inspirert av et kjærlig hjerte.”

– Ikkje minst dei siste to åra har mange pasientar fått erfart kor rett ho hadde. Og kor uunverlege de sjukepleiarar er, seier Unio-leiar Ragnhild Lied.

110 år i stolt teneste

I år er det også 110-årsjubileum for Norsk Sykepleierforbund (NSF).

– Det betyr at de kan markera 110 år i stolt teneste for betre helse og velferd for folk over heile landet. I alle livets faser. seier Unio-leiaren i ei helsing til alle sjukepleiarane over heile landet.

Fleire sjukepleiarar

Framtidas beredskap er avhengig av at det er nok sjukepleiarar på jobb. Norge må difor ta eit krafttak for å bøte på sjukepleiarmangelen.

– Eg er glad for at nesten 125 000 sjukepleiarar er ein del av Unio-fellesskapet. NSF er det nest største forbundet i Unio. Det gjør oss sterke og stolte, seier Ragnhild Lied.

Gratulerer med dagen til alle sjukepleiarar!