– Er elevane godt nok førebudd til å studere?

– Er elevane godt nok førebudd til å studere etter vidaregåande opplæring, spør Unio-leiar Ragnhild Lied i ein kronikk i Khrono.  Ein fjerdedel av alle studentane fell frå studiane. Det er på tide å ta debatten om krava vi må sette til elevane som vil studere vidare på våre universitet og høgskular.

Lied leia Lied-utvalet og svaret derfrå var tydeleg: vidaregåande skule må bli betre til å ruste elevane for studiar. Elevane manglar kompetanse i å lese og skrive akademiske tekstar, dei treng meir generell kompetanse som sjølvstende, kritisk sans, det å lære å lære, og det å skilje strukturar og metodar i ulike fag frå kvarandre.

– Etter to år med pandemi og tre årskull ferske studentar utan eksamenserfaring frå vidaregåande skule, er det større grunn en nokon gong til å stille dette spørsmålet, skriv Lied.

Generell studiekompetanse skal kvalifisere til studiar i høgare utdanning. Universitet og høgskular skal utdanne, forske, formidle og drive fagleg og kunstnerisk utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå.  Det må vere store krav til den utdanninga som skal førebu unge og vaksne til studiar.

Det vil alltid vere nokon som fell frå studiar, men i ei tid då alle delar av arbeidslivet har eit stort behov for kompetanse, må vi spørje korleis vi kan sikre dei gode hovuda i både fagutdanningane og i høgare utdanning.

Ansvaret for gode overgangar ligg hos både vidaregåande skular og i høgare utdanning. Høgare utdanning må formidle tydeleg kva studiane krev av forkunnskapar.

– Det viktigaste er å finne løysingar som gjer at unge og vaksne ikkje startar utdanningar dei ikkje har føresetnader til å klare å fullføre. Det er dyrt både for den enkelte og for samfunnet. Då er det betre å legge til rette for at flest mogleg blir godt nok studieførebudd, skriv Unio-leiar Ragnhild Lied.

Les heile kronikken hennar i Khrono her