No krev vi handling – intensivkapasiteten må opp!

– Alle visste at det ville komme ein pandemi, og alle visste at intensivkapasiteten var for dårleg. Likevel var vi ikkje forberedt då pandemien kom. No må vi ikkje gjere same feilen igjen. Intensivkapasiteten må opp!

Det er den klare oppfordringa frå Unio-leiar Ragnhild Lied etter at den andre rapporten av evalueringa av pandemien kom i går.

Eit av hovudpunkta i evalueringa er at intensivkapasiteten ved sjukehusa var for dårleg då pandemien kom.

– Skremmande og uhaldbart. Dette har vi visst om i årevis, og det har ikkje mangla på åtvaringar frå Unio og Norsk Sjukepleiarforbund. Fleire tidlegare rapportar, også Unios koronarapport som kom i august i fjor, viste det same.  Kor mange rapportar og kor mykje bevis treng vi før vi handlar, spør Lied.

Ho meiner det viktigaste vi kan gjere no er å lære av feila. Eit steg på vegen er å opprette fleire studieplassar som må følgjast opp av gode praksisplassar for studentane.

– Og ikkje minst viktig er det å betre løns- og arbeidsforholda slik at vi kan behalde kompetente tilsette både på sjukehusa og i kommunane, seier Lied.

Uroa for konsekvensane for barn og unge

Omtalen av situasjonen for barn, unge og studentar gjer sterkt inntrykk på Lied.

– Eg er uroa over det rapporten skriv om barn og unge. I tida framover må vi sikre at smitteverntiltaka under pandemien ikkje blir ei så stor belastning at det fører til fleire unge med psykisk uhelse. I verste kan vi på sikt sjå ein auke i fråfallet i vidaregåande opplæring. Dette er noko eg meiner utdanningsministeren på ta på alvor, seier Lied.

Eit sentral tiltak her er å styrkje skulehelsetenesta. Å fortsette med ei skulehelseteneste på lav bluss kan på sikt bli vært dyrt.

– Eg har merka meg at rapporten er kritisk til at lærarar ikkje vart prioriterte i vaksinekøen. Eg er einig i denne kritikken. Det har vore ei stor belasting for lærarane over lang tid, og betre prioritering kunne og ha redusert dei strenge tiltaka for barn og unge, seier Lied.

Beredskapen må opp i hele samfunnet

Unio-leiaren meiner alle evalueringane av pandemien må takast på alvor av styresmaktene, slik at vi kan heve beredskapen i heile samfunnet. På Unio-kongressen i desember var beredskap eit av tre hovudtema.

Unio meiner at forståinga av beredskap må vere brei – beredskap må gjelde alle delar av samfunnet. Truslar mot samfunnet vårt kan vere pandemiar, men og digitale truslar, truslar mot demokratiet og truslar om vald og terror.

– Partssamarbeid og tillit er berebjelkar i samfunnet vårt, og ein føresetnad for at vi skal lukkast. Unio vil fortsette å kjempe for auka ressursar i offentleg sektor, slik at vi kan handtere både akutte, kortvarige og langvarige kriser, avsluttar Ragnhild Lied.