Saknar kvinners arbeidshelse i Kvinnehelseutvalets arbeid

Kvinners helseutfordringar i arbeidslivet har fått liten plass i Kvinnehelseutvalet. Det får Unio-leiar Ragnhild Lied til å reagere. – Sjølv om kvinner i Norge tar del i arbeidslivet i nesten like stor grad som menn, jobbar mange deltid. Og vi har framleis eit særs kjønnsdelt arbeidsliv. Utvalet må spørje seg om kvifor det er slik, seier ho.

Regjeringa oppnemnde i fjor eit utval som skal lage ei ny utredning om kvinners helse og helse i eit kjønnsperspektiv. Utvalet har bedt om innspel til sitt arbeid, og det har Unio no levert.

Unio er kritisk til at kvinners arbeidshelse ikkje er ein del av utvalet sitt mandat. Sjølv om mandatet blei revidert hausten 2021, slik at utvalet mellom anna skal sjå på belastningsskadar i helse- og omsorgssektoren, vil Unio at utvalet skal sjå langt nærare og meir heilskapleg på kvinners helse og uhelse i alle kvinnedominerte sektorar.

– Forskrifter om arbeidsmiljø er ikkje tilpassa sektorar som er kvinnedominerte.  Konsekvensane blir ulik handsaming av skadar og sjukdommar som føljer av arbeidet. Dette er ikkje haldbart lenger, understrekar Lied.

– Vi ser ein klar verdsetjingsdiskriminering som får negative konsekvensar for svært mange sysselsette i dei store velferdsyrka våre, som samfunnet vårt er heilt avhengig av.

Lied er likevel glad for at Kvinnehelseutvalet skal gi ein kunnskapsoversikt over kvinnehelse og at sjukdomar og helse får eit kjønnsperspektiv.

–  Vi har mykje kunnskap om helse i arbeidslivet, men vi har store kunnskapshol når det gjeld dei kvinnedominerte yrka. Vi veit ikkje nok om kva helseutfordringar i desse yrka har å seie for graden av deltidsarbeid, fråfall frå arbeidslivet og tidleg pensjonering. Her ser eg fram til utvalet sitt arbeid, avsluttar Ragnhild Lied.

Unio sitt innspel til Kvinnehelseutvalet kan du lese her

Du kan kan lese meir om Kvinnehelseutvalet her