Det er allereie no hard kamp om arbeidskrafta her til lands. I framtida blir kampen om kompetansen endå tøffare. Den viktigaste faktoren med tanke på å rekruttere kompetanse er lønn.
Det skriv Unio-leiar Ragnhild Lied i ein kronikk i Dagens Perspektiv.
Ho viser til det udekka kompetansebehovet som fleire advarar om – mellom anna KS i sin eigen arbeidsmonitor, i regjeringa si perspektivmelding og NHO som melder om at to av tre bedrifter har eit udekka kompetansebehov. Kompetent arbeidskraft kjem ikkje av seg sjøl. Fleire tiltak må til – som satsing på utdanning og dimensjonering av utdanninga, gode arbeidsmiljø og gode vilkår for kompetanseutvikling.
Men ho understrekar at lønn er den viktigaste faktoren med tanke på å rekruttere kompetanse.
– Her er privat sektor meir offensiv enn offentleg sektor, særleg når det gjeld arbeidskraft med høgare utdanning. Det ser vi tydeleg på lønnsgapet mellom utdanningsgrupper i offentleg og privat sektor. I følgje TBU rapporten er forskjellen mellom tilsette med meir enn 4 år høgare utdanning i kommunane og tilsvarande grupper i industrien i underkant av ¼ million, skriv ho.
Ho viser til at avkasting på utdanning – lønnspremien – i Noreg er heilt i botnen blant OECD-landa.
– Ein person med høgare utdanning tener i snitt berre 19 prosent meir enn ein med vidaregåande opplæring som høgaste utdanning. Dette slår også inn når det gjeld likelønn mellom kvinner og menn. Kvinner med høgare utdanning over fire år tener berre 75 prosent av lønna til menn med same utdanningslengde. Kvinner er nemleg i fleirtal i offentleg sektor, medan menn dominerer i privat sektor, særleg i industrien, skriv ho.
Skal offentleg sektor henge med i kampen om kompetansen, må lønna opp.
– Difor trengst ei større ramme i offentleg sektor enn i privat sektor i årets oppgjer. Det er det gode grunnar til. Det handlar om å ta att etterslep. Det handlar om at utdanning skal lønne seg. Det handlar om konkurranseevne og kvalitet. For arbeidsgjevarar og styresmakter burde det dessutan handle om å rekruttere og behalde godt utdanna arbeidskraft.