For første gong i Unio si 20-årige historie skal vi arrangere kongress. Kongressen strømmes her.
Kongressen er fra onsdag 8. desember klokken 13.00 til lunsj torsdag 9. desember.
Unio er i år om lag dobbelt så store som då vi vart stifta i 2001, og vi samlar dobbelt så mange deltakarar som vi brukar når vi no går over til å halde kongress kvart tredje år.
Formålet med kongressen er å diskutere og vedta Unio sine overordna politiske prioriteringar for den komande treårsperioden.
Vi skal også fatte vedtak om å ta opp eit nytt medlemsforbund i Unio. Det er Norsk Tannpleierforening som vil bli det 14. medlemsforbundet i den største hovudorganisasjonen for universitets- og høgskuleutdanna i Noreg.
Til tross for delta- og omikron-variantar: Kongressen skal bli ein god møteplass for Unio sine forbund. Her skal vi kjenne på fellesskapet samtidig som vi utfordrar kvarande med gode og konstruktive debattar.
Unio-styret har valt ut særleg tre politiske tema som vil få ei grundig behandling på kongressen. Det er:
1. Den norske modellen for lønnsdannelse
2. Bærekraft og klima
3. Beredskap
Velkommen til kongress!
Ragnhild Lied,
Unio-leiar
Les også om eit viktig tema: Lønnsdannelse