Langtidsplanen for forsking må sikre rekruttering og gode løns- og arbeidsvilkår for tilsette

Regjeringa uttrykkjer høge ambisjonar for norsk forsking og høgare utdanning i langtidsplanen for forsking. – Unio støttar desse høge ambisjonane. Men solid og framtidsretta kunnskap kjem ikkje av seg sjølv. For å seie det litt enkelt: Det blir inga forsking utan forskarar, seier Unio-leiar Ragnhild Lied.

Kunnskapsdepartementet skal revidere langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Fristen for å gje innspel går ut i dag. For Unio er tre krav særs viktige; gode lønnsvilkår, styrke grunnfinansieringa og at helse og utdanning må få ein sentral plass.

Må vere ein attraktiv karriereveg

Regjeringa skriv i langtidsplanen at det er gjennom kunnskap og forsking vi skal ruste oss for framtida og utvikle ei framleis berekraftig velferd. Det er Unio einig i. Men då må ein forskar-karriere vere ein attraktiv veg å gå. Undersøkingar viser at vitskapeleg tilsette ved universiteta og høgskolane har lågare lønn enn andre tilsvarande grupper.

– Vi veit også at andelen som har mellombels stilling er dobbelt så høg som i andre yrkesgrupper. Dette er på ingen måte berekraftig, og Unio meiner at langtidsplanen må ha konkrete, tydlege og forpliktande tiltak som sikrar både rekruttering, lønn og gode arbeidsvilkår for dei tilsette, seier Lied.

Grunnfinansieringa må aukast

Noreg er framleis langt unna målet om at den samla FoU-innsatsen skal vere 3 prosent av BNP innan 2030. Den reviderte langtidsplanen er for perioden 2023-2032, og dette tyder at målet skal nås innan utløpet av neste langtidsplan.

– Då hastar det med å bli konkrete på korleis målet skal nås. Næringslivet må auke sin innsats, men det må det offentlege óg gjere. Det må ein samla innsats til for å nå målet, og vi må starte i neste års budsjett, seier Lied.

Mykje av satsinga på forsking går til å styrke konkurransebaserte tildelingar, og grunnforskinga blir ikkje like høgt prioritert. Dette er Unio kritisk til.

– Langsiktig finansiering av både grunnforsking og anvendt forsking er den beste garantien for kvalitet og samfunnsnyttig kunnskap. Difor er mi andre oppmoding til den reviderte langtidsplanen at grunnfinansieringa må opp, og fleire midlar må gå til grunnforsking, seier Lied.

Forsking er beredskap

Langtidsplanen har som mål å møte store samfunnsutfordringar og samfunnskritiske hendingar. Noverande langtidsplan har prioritert viktige tema for eit miljøvennleg og berekraftig samfunn, og Unio støttar at desse områda skal ha plass i den reviderte planen. Lied er likevel kritisk til at  ikkje forsking på helse og utdanning er ein del av langtidsplanen.

– Vi treng langt meir kunnskap om korleis vi skal handsame utfordringar med aldrande befolkning, migrasjon, utanforskap og press på demokratiet. Men det vi veit heilt sikkert, er at både helsesektoren og utdanningssektoren spelar hovudrolla når vi skal finne løysingar, slår ho fast.

Lied meiner at den reviderte langtidsplanen må ta opp i seg lærdomen frå hendingar dei siste åra. Sjølv om pandemien var ei varsla krise, meiner Unio at Noreg på ingen måte var klar til å handsame krisa då ho kom.

– Vi har lært at god bemanning i yrker med kritiske samfunnsfunksjonar, som våre helseyrker og i utdanningsinstitusjonane, er heilt avgjerande for å møte samfunnskritiske hendingar, anten desse er pandemiar, åtak på  demokratiet eller naturkatastrofar, seier Lied.

Auka bemanning i desse yrka og beredskapsrelatert forsking over statsbudsjettet, var to av konklusjonane i Unio sin rapport om beredskap og krisehandsaming etter koronapandemien

– Vårt tredje krav er difor at beredskap, helse og utdanning må få ein sentral plass i den reviderte langtidsplanen, sluttar Ragnhild Lied.

Les Unios innspill her