Norsk Tannpleierforening vil til Unio

Norsk Tannpleierforening (NTpF) søker om opptak i Unio. – NTpF meiner det er viktig å vere samla i ein hovudorganisasjon for høgskule- og universitetsutdanna. Tannpleiarane ønsker å bli del av ein organisasjon som har eit uttalt formål om å styrke utdanning, kunnskap, forsking og kompetanse, seier forbundsleiar Hilde Aga.

Norsk Tannpleierforening fatta i dag landsmøtevedtaket om å søke medlemskap i Unio.

Styremedlemmer i NTpF: Lisa Bændø, Anne-Mai Nielsen og Hilde Aga.

– I arbeidet med nye nasjonale retningsliner for helse- og sosialfagutdanningane, samarbeida Tannpleierforeninga med utdanningsgrupper organisert mellom anna i Unio. NTpF vurderar det som ein stor fordel å vere organisert der samanliknbare helsefagutdanningar er og der vi kan møtast til felles diskusjonar om viktige spørsmål på området, seier Aga.

Ho seier vidare at det helsefremmande og førebyggande arbeidet er kjerna i tannpleiarane sitt arbeidsfelt.

– Saman med andre helseorganisasjonar skal vi jobbe for i sterkare grad å fremme dette viktige fagfeltet, og styrke tannpleiarane som den fremste ressursen i arbeidet for betydninga av god munnhelse. Våre allierte medlemsorganisasjonar på området, er i Unio. I Unio ser NTpF fram til å etablere eit felles løft saman med andre naturlege samarbeidspartar på det viktige fagfeltet som helsefremming og førebygging er, seier forbundsleiar Hilde Aga.

Tannpleiarane har ei treårig bachelorutdanning, og dei blir utdanna på dei odontologiske fakulteta i Oslo, Bergen og Tromsø og på Høgskulen i Hedmark.

Norsk Tannpleierforening vart etablert i 1968, og har 1228 medlemmer, 60 prosent av dei jobbar i offentleg sektor.

Søknaden blir handsama i Unio i desember.