Gode offentlege tenester er avgjerande for verdiskapinga

Gode offentlege tenester med høg kvalitet utført av dyktige fagfolk med høgskule- og universitetsutdanning eller fagarbeidarar er heilt avgjerande for verdiskapinga – også i privat næringsliv. Det var hovudbodskapen frå Unio-leiar Ragnhild Lied under debatten «Velferdslikninga – kan den løysast» i regi av KS, Unio og Fagforbundet.

– Privat sektor er heilt avhengig av at me leverer tenester med høg kvalitet innan utdanning, helse og omsorg, sa Ragnhild Lied.

Ho fekk støtte frå arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen, som viste til at også offentleg sektor står for mykje verdiskaping og innovasjon.

Bekymra for rekruttering av lærarar og sjukepleiarar

Lied peika også på at det er grunn til å vere særs bekymra for om det offentlege klarar å behalde lærarar og sjukepleiarar i jobbane deira og om ein i framtida klarar å rekruttere nok fagfolk som kan levere utdannings- og helsetenester av høg kvalitet.

– Lønn er her ein viktig faktor, sa Lied, og viste til streiken i vår.

KS-leiar Bjørn Arild Gram var samd i at lønn er ein viktig faktor, men at andre høve, som til dømes eit godt arbeidsmiljø, også spelar ei viktig rolle.

Rehabilitering og tilrettelegging

Lied understreka også kor viktig rehabilitering og tilrettelegging er, og viste til Sverige kor ein har satsa tungt på helsepersonell som fysioterapeutar og ergoterapeutar.

– Fysioterapeutar og ergoterapeutar har her fått ei viktig rolle når det gjeld rehabilitering og tilrettelegging, og som gjer at man kan spare det offentlege for store, unødvendige utgifter, sa Lied.

Åtvarar mot politisk kontrolliver

Unio-leiaren åtvara samstundes sterkt mot politikarane sin iver etter auka kontroll med det rigide rapporteringsregimet og meirbyråkratiet det kan medføre.

– Eg ber om at ein i større grad har tillit til at oppgåvene våre fagfolk utfører og tenestene dei leverer vert gjort med høg kvalitet og på ein effektiv måte, sa Ragnhild Lied.