I meldinga om vidaregåande opplæring som regjeringa legg fram i dag, blir det klart at ungdom skal få rett til opplæring inntil dei har nådd anten studie- eller yrkeskompetanse. – Eg er svært glad for at Lied-utvalets viktigaste forslag no vert ein realitet, seier Unio-leiar Ragnhild Lied.
Meldinga legg i tillegg opp til at vaksne skal få langt betre moglegheiter til å ta spesielt tilpassa vidaregåande opplæring allereie frå dei er 19 år. Lied meiner denne retten til rekvalifisering og retten til å fullføre vidaregåande opplæring er det beste som har skjedd i vidaregåande opplæring sidan Reform 94.
– Det er no ikkje lenger snakk om å «bruke opp» retten sin. Dette peika Lied-utvalet på som eit av dei største hindra for unge og vaksne til å oppnå den viktige kompetansen som vidaregåande opplæring gir, seier Lied og legg til:
– Eg meiner dette er det viktigaste tiltaket mot arbeidsløyse og utanforskap. Også Sysselsettingsutvalet har peika på dette.
Fylkeskommunane si rolle må bli klarare
– Å tilby vidaregåande opplæring er ei fylkeskommunal oppgåve, og her meiner eg meldinga kunne vore endå klarare på kva dei utvida rettane inneber. Det held ikkje å berre «vurdere å foreslå» kva for pliktar fylkeskommunane har, her forventar vi klare styringssignal og ikkje minst ressursar. Å gi rett til å fullføre kostar – men det kostar mykje meir å la vere, slå Lied fast.
I meldinga står det at fylkeskommunane spiller ei sentral rolle og har eit stort ansvar i kompetansepolitikken.
– Det er eg samd i. Difor håpar eg at dei vidaregåande skolane no kan bli kraftsenter ikkje berre i reforma, men for heile det regionale kompetansearbeidet, seier Lied.
Fellesfaga må fortsett stå sterkt i opplæringa
Ho meiner det er bra at meldinga legg opp til meir fordjuping, og at fag- og timefordelinga må legge til rette for det.
– Samstundes er eg skeptisk til det som ser ut som ein kraftig reduksjon i dagens fellesfag. Eg ser på det som sjølvsagt at når opplæringa skal ivareta kompetanse i demokrati, likestilling og vitskapeleg tenkemåte, så må til dømes fag som historie og samfunnskunnskap ha ein plass i opplæringa, seir ho.
Fortsett mykje som er uklart
Meldinga har sett ei retning for ei ny vidaregåande opplæring, men Lied meiner det er mykje som enno er uklart.
– Kva vil eigentleg regjeringa når ho vil behalde hovudlinjene i tilbodsstrukturen, og kva meiner regjeringa skal vere dei framtidige krava til studiekompetanse? Desse – og mange andre spørsmål – må utgreiast nærare. Eg ser fram til det vidare arbeidet, som må skje i samarbeid med kompetente fagmiljø, seier Ragnhild Lied.