– Meldinga om arbeidslivsrelevans i høgare utdanning inneheld fleire tiltak for å ruste studentane til eit arbeidsliv i stadig endring. Dette styrkar behovet for ei brei grunnutdanning med fagleg autonomi og akademisk fridom, meiner Unio-leiar Ragnhild Lied.
Meldinga, som regjeringa lanserte fredag, fremmer fire satsingar for auka samarbeid og relevans i utdanningane:
- Aktørane styrker samarbeidet
- Ei open og meir tilgjengeleg høgare utdanning
- Studentaktive lærings- og undervisningsformer
- Meir og betre praksis
– Meldinga inneheld fleire viktige tiltak for å nå måla om meir relevans, og eg meiner meir og betre praksis kan vere eit riktig skritt på vegen, seier Lied.
– Samtidig er eg opptatt av at grunnutdanningane ved universiteta og høgskolane må ha eit langsiktig perspektiv på arbeidslivsrelevans, dersom vi skal støtte studentane i eit livslangt læringsløp. I ein arbeidsmarknad der vi knapt kan spå behova i arbeidslivet meir enn nokre få år fram i tid, er det nettopp det langsiktige perspektivet, med overordna kompetansar som kritisk tenking og sjølvstendig refleksjon, som må stå sentralt.
Meir lokal fridom i samarbeidet
– Eg er glad for at regjeringa no legg til rette for meir lokal fridom når det gjeld korleis samarbeidet skal skje, og at institusjonane kan velje kva for samarbeidsform dei ønsker med arbeidslivet, uttalar Lied, og legg til:
– Dette heng betre saman med den regionale handlefridomen som ligg i regionreforma.
Ho er opptatt av at representantar for dei store yrkesgruppene i offentleg sektor blir godt representert i dei regionale fora for samarbeid som no veks fram.
– Medbestemming blant tilsette ved utdanningsinstitusjonane er heilt avgjerande for at vi skal lukkast med meir samarbeid og betre relevans i utdanningane. Unios medlemmar skal stå i front for dei endringane som kjem, det skulle berre mangle at dei ikkje skal ha ei sentral rolle i utforminga av samarbeidet, slår Lied fast.
Meir praksis krev ressursar
Gjennom praksis i profesjonsutdanningane kjenner vi godt til kor ressurskrevjande det kan vere å sikre kvaliteten i utdanningane. Ein god praksis skal opplevast som relevant og nyttig både for studenten og arbeidslivet. Dette krev godt institusjonalisert og formell kontakt mellom lærestad og bedrift både før, under og etter praksisopphaldet. Å finne relevant praksisplass er og ressurskrevjande.
– Vi veit at balansen mellom undervisning, forsking og formidling er pressa. Derfor blir det viktig at ikkje auka administrativt arbeid med utveksling av studenter kjem på toppen av det mange tilsette opplever som ei pressa arbeidssituasjon. Eg forventar derfor at regjeringa sikrar dei nødvendige ressursane til institusjonane, slik at auka kvalitet i utdanningane gjennom praksis lar seg gjere å gjennomføre, utan at dette går ut over den langsiktige forskinga vi alle er avhengige av, avsluttar Ragnhild Lied.