Unio-leiar Ragnhild Lied er klar i talen til forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. – Koronapandemien har vist oss kor avgjerande forsking er for samfunnsberedskapen. Difor må løyvingane til grunnforskinga aukast, og regjeringa må skape betre rammer for dei vitskaplege tilsette i høgare utdanning.
Dette var hovudbodskapen frå Unio-leiaren til statsråd Henrik Asheim tysdag. Statsråden hadde invitert organisasjonane til ei kort drøfting av korleis koronapandemien har påverka forskinga i høgare utdanning.
– Vi ser no at forskarar over heile verda arbeider og samarbeider for å finne ein vaksine som kan hjelpe mot pandemien. Resultata av denne forskinga ville latt vente på seg om vi ikkje allereie hadde miljø som har forska på nettopp pandemiar over lengre tid, understreka Lied i møtet.
Ho meiner at det difor er det så viktig at løyvingane til grunnforsking må sikrast.
– Det er mange døme på at grunnforsking fører til ny kunnskap som kjem til nytte på mange områder, og som igjen fører til ny forsking til nytte for oss alle. Manglande grunnløyvingar over tid kan føre til at viktig kompetanse går tapt og at viktige forskingsmiljø blir bygd ned, sa ho.
Mindre forsking under korona
Unio meiner pandemien har ført til dårlegare vilkår for forskinga. Forskarforbundet har nyleg gjort ei undersøking hos sine medlemmer. Dei har spurd stipendiatar og postdoktorar om korleis arbeidet er

påverka av koronatiltaka. Totalt 83 prosent av dei opplever «nokon grad av forseinking» i arbeidet. Forskarforbundet spurde også om stipendiatane og postdoktorane har fått forlenging eller støtte. Berre 20 prosent seier at dei opplever å ha blitt tatt hand om på ein god måte.
Leiar Guro Elisabeth Lind i Forskarforbundet var til stades på det same møte som Lied. Bodskapen hennar var at det ligg an til mindre forsking under pandemien.
– Undersøkingar viser tydeleg at mykje tid går bort til administrative oppgåver, og undervisning på nett har tatt meir tid enn vanleg undervisning, noko som har gått ut over tida til forsking. Det har vi ikkje råd til! Forskarane gjer ein stor dugnad – eit gratis arbeid for fellesskapet. Vi må ta vare på helsa til dei tilsette og sikre at forskinga går som normalt. ABE-reforma kan ikkje gjelde i desse tider, sa Guro Elisabeth Lind.
Ho får støtte frå Unio-leiaren:
– I ei krisetid må regjeringa sikre at forskingsaktiviteten er høg. Dette gjeld ikkje minst i forskingsmiljø der aktiviteten har gått ned fordi det blir færre oppdrag frå næringslivet, sa Ragnhild Lied.