– Uakseptabelt at regjeringa overkøyrer Politihøgskulen

– Det er uakseptabelt at regjeringa overkøyrer sitt eige styre på Politihøgskulen. Regjeringa nektar å lytte til faglege råd. Styret for Politihøgskulen skal ha same autonomi på sitt område som andre styre innan for høgre utdanning og forsking, sa Unio-leiar Ragnhild Lied i sin appell under Politiets Fellesforbund (PF) si markering foran Stortinget i dag.

Markeringa er ein reaksjon på at regjeringa vil kutte i antallet studieplassar i politiutdanninga,og tvinge Politihøgskulen til å ta heile kuttet ved studiestedet i Oslo.

Forhandlingssjef Roar Fosse i PF.
PF-leiar Sigve Bolstad og Unio-leiar Ragnhild Lied.

– Det er uakseptabelt at regjeringa legg opp til ei kraftig nedbygginga av Politihøgskulen i Oslo. Dette rammar studentar. Det rammar dei tilsette og  svekkjer kompetansen i norsk politiutdanning. Men aller verst:  Det rammar arbeidet for eit trygt samfunn. Det rammar deg og meg, sa Ragnhild Lied.

Fleire forbund frå Unio og LO var med på markeringa og møtte opp for å støtte saka.

Du kan lese meir på PF si heimeside

 

 

Mange hadde møtt fram for å støtte den politiske markeringa foran Stortinget. Foto: Unio/Nora Sørensen