Unio-leiaren vil ha ei ny maktutgreiing

Det er tjue år sidan førre maktutgreiing. No er det på høg tid med ei ny, meiner Unio-leiar Ragnhild Lied.

I si helsingstale på Unio-konferansen i dag kom Lied – med arbeidsminister Anniken Haugli som tilhøyrar – med denne oppfordringa.

– Maktstrukturar har endra seg, tunge samfunnsinstitusjonar har svikta oppdraget sitt og ikkje minst har medielandskapet endra seg totalt, seier Lied.

I ei ny maktutgreiing skal det ikkje berre handle om kven som har makt, men korleis dei forvaltar makta.

– No opplever vi at viktige samfunnsinstitusjonar, som Nav, Stortinget, regjeringa, domstolar og påtalemakt og advokatar, har svikta i Nav-skandalen. Og i Genève går Norge på tap etter tap i barnevernssaker, seier Lied.

Unio-konferansen har i år tittelen «Har den fjerde statsmakt abdisert?». Mange er inviterte for å svare på spørsmålet. Kva publiserer den fjerde statsmakt og svarar ho på spørsmål som er viktige for folk, eller er det klikk og pengar som dominerer? Føler dei noko ansvar for den offentlege samtalen?

Lied meiner den veldige medieutviklinga og dei store endringane som har vore sidan førre maktutgreiing, gjer det ekstra viktig å granske kva rolle og makt både dei tradisjonelle media, men også alle mediegigantane utan redaktør-ansvar har – som Facebook, Twitter, Google og YouTube.

– Og kva skjer når verda blir styrt frå ein twitterkonto i Washington, spør Lied retorisk.

Ho viser til falske nyheiter, skapt av datamaskiner som ved hjelp av nokre få stikkord utformar fullt ut leselege og meir eller mindre truverdige, oppdikta nyheitssaker.

– Når folk i tillegg lagar sine eigne sanningar i sine ekkokamrar, og ein kvar sjølv kan velje kva for nyheiter ein vil ha og utelate andre, har vi da lenger eit opplyst folk som kan ta opplyste val? Noko som jo er avgjerande for demokratiet? Det er på høg tid å sjå desse tinga i samanheng og granske maktstrukturane på ny, seier Ragnhild Lied.