Ba Stortinget høyre etter om særaldersgrenser og pensjonsrettar

Ragnhild Lied bad i dag Stortingets Arbeids- og sosialkomité gjere endringar på det regjeringa har foreslått om endringar i den nye pensjonsavtala. Ei av endringane Unio ber om, er å ikkje endre på reglane for særaldersgrensene, som skal forhandlast i haust.

– Det regjeringa ber Stortinget vedta no omfattar alle særaldersgrenser og må gjerast om igjen av Stortinget etter forhandlingane i haust. Forslaget om mellombelse reglar i sjukepleierpensjonslova vil ikkje ha nokon effekt, her er det berre 65-års aldersgrense, og ingen kan ta ut særalderspensjon før i 2025, sa Unio-leier Ragnhild Lied i ein høyring i dag.

Det var Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget som ville ha synspunkt på regjeringas framlegg om offentleg tenestepensjon.

Unio-leiaren starta med å understreke at avtalen av 3. mars 2018 i hovudsak er ein god avtale.

Krev endringar

Men det er òg gjort endringar Unio ikkje kan akseptere.

Forslaga om at sjukepleierpensjonsloven ikkje skal gjelde for tidligpensjonsordninga innebærer at dei som går frå ei stilling med særaldersgrense til ei stilling med vanleg aldersgrense mister retten til å gå av med særalderspensjon frå 62 år. Dette er eit klart brot med dagens reglar som seier at under visse vilkår kan desse gå av med særalderspensjon frå 62 år. Med andre ord eit brot med opparbeidde rettigheiter.

– Dagens ordning måtte endrast for å unngå at dei yngre medlemmene våre måtte bruke uforholdsmessig lang tid på å kompensere for levealdersjusteringa, sa Ragnhild Lied.

For eksempel blir det lettare og meir gunstig å trappe ned, noko som gjer det mogleg å forlenge yrkeskarrieren. Denne fleksibiliteten har vi allereie i dagens ordning. Med den nye avtalen blir det lettare.

– Dette er viktig for at yrkesgrupper som står i førstelinja i til dømes klasserommet eller barnehagar skal kunne stå lenger i arbeid og dermed oppnå ein pensjon til å leve av, meiner Unio-leiaren.

– Eit rent avtalebrot

Partane blei einige om ein avtale etter krevjande forhandlingar. Det er den som kallast pensjonsavtalen av 3. mars 2018.

Mange av Unio sine medlemmer var med i uravstemminga om avtalen, og eit stort fleirtal sa ja. Det er derfor uakseptabelt at regjeringa på fleire område rokka ved det vi var einige om, anten ved å bryte avtalen eller intensjonen i avtalen.

– Denne mangelen på god avtaleskikk må få følger for behandlinga i Stortinget, meiner Lied.

Forslaget om å fjerne barnetillegget er eit anna brot på avtalen.

Regjeringa bruker som argument at barnetillegget ikkje er nemnt i avtalen og difor kan det fjernast.

– Vi har nok meir erfaring frå forhandlingar enn Arbeids- og sosialdepartementet. Det er ikkje slik at det som ikkje er nemnt, er forkasta. Og om det var slik regjeringa no hevdar, da skal altså arbeidstakarane sin eigenandel til tenestepensjonen på to prosent av lønna til pensjonsordninga falle bort? spurde Unio-leiar Ragnhild Lied Arbeids- og sosialkomitteen.

Eigenandelen er nemleg ikkje nemnt i avtalen.
– Eg trur ikkje regjeringa meiner det, sa ho.

Særalderproblem

Igjen minna Unio-leieran Stortinget om at regjeringa bryt pensjonsavtalen. I avtalen står det at regjeringa skal legge fram eit «lovforslag i tråd med den løsning det er oppnådd enighet om». Då meiner vi at det er brot på god avtaleskikk å legge fram noko som vi ikkje er samde om. Dette har vi sagt ifrå om både skriftleg og i møter med departementet.

Forhandlingane skal avsluttast før 1. november i år.

Sakens kjerne er at vi ikkje treng midlertidige lover for alderspensjon til dei med særaldergrense bortsett frå for eitt årskull, og det gjeld dei med 60-års aldersgrense som er 57 år i 2020.

Betyr mykje

Unios sjeføkonom, Erik Orskaug, sa til Arbeids- og sosialkomiteen at han meinte det hadde vore lettare for Stortinget å gje litt fleksibilitet til dei eldre alderskulla, no når offentleg tenestepensjon tilpassast.
– Som ein gest, sa han.

Utan ein rett til å gå av med særalderspensjon ved 62 år vil f.eks. sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og reinhaldarar berre stå igjen med moglegheit til å ta ut tidlegpensjonsordninga AFP ved 62 år.

KLP har berekna at tapet kan bli heilt opp i 85 000 kroner årleg i åra fram til 67 år.

Dette er altså inga lovteknisk endring slik departementet framstiller det.

– Eg ber komiteen vurdere arbeidstakarorganisasjonane sine innvendingar. Samla sett er det få endringar vi ber om. Å kome oss i møte er nødvendig for å sikre ei god avslutning av pensjonsreforma, appellerte Ragnhild Lied til Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget.

Les Unio og dei andre hovudorganisasjonane sitt høyringssvar