ILO – spydspiss for anstendig arbeid gjennom 100 år

ILO, FNs arbeidslivsorganisasjon, er 100 år i 2019. Unio vil markere dette jubileet gjennom heile året. Vi vil mellom anna dele synspunkt og refleksjonar på kva 100-åringen har å seie for dagens og morgondagens arbeidsliv. På Unios nye heimeside vil det vere ein eigen seksjon som handlar om ILO.

Av Unio-leiar Ragnhild Lied

Samarbeid og tillit mellom partane i Norden

I 1919 var vår del av verda prega av stor ulikskap, elendige arbeidsforhold og manglande rettar og reguleringar i arbeidslivet. Heldigvis har det skjedd mykje sidan den gongen. I Noreg og i Norden er rettar og plikter i arbeidslivet regulerte på måtar som nærast var utenkeleg i tidlegare tider. Det har ikkje kome av seg sjølv. Det har vore mange kampar. Men det er også grunn til å framheve at framgangen også har kome gjennom godt og tillitsbasert samarbeid mellom partane i arbeidslivet.

Dette samarbeidet og den nordiske modellen blir trekte fram i svært rosande ordelag både nasjonalt og internasjonalt. Og for eit fagforeiningshjarte er det sjølvsagt godt å sjå korleis stadig fleire framhevar denne modellen som ein av dei viktigaste føresetnadene for at vi har greidd å byggje det velferdssamfunnet vi har.

ILOs historiske bakteppe

Internasjonalt har FN-organisasjonen ILO (International Labour Organization) spelt ei avgjerande rolle både for arbeidet for menneskerettar og for eit anstendig arbeidsliv. Gjennom samarbeid mellom styresmakter, arbeidstakarar og arbeidsgjevar, har ein i 100 år jobba for å etablere gode standardkrav for arbeidslivet, for å sikre sosialt vern for arbeidstakarane og for å nå målet om arbeid til alle.
Etter første verdskrig såg framsynte politikarar behovet for eit rammeverk som skulle gi grunnleggande sosiale standardar for alle. At dette skulle skje i ein organisasjon tufta på representasjon frå styresmakter og frå arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida var både visjonært og berekraftig. Etableringsmottoet «viss du ønskjer fred, dyrk rettferd» gir tydelig uttrykk for sterk tru på koplinga mellom fred og sosial rettferdig.

Raske endringar krev meir samarbeid

I dagens arbeidsliv aukar endringstempoet stadig: Ny teknologi og digitalisering, nye arbeidsformer, demografiske endringar, klimaendringar og migrasjonsutfordringar medverkar til dette. Alle desse megatrendane skaper uvisse. Uvisse som i neste omgang skaper forventningar om enkle svar og “quick fix”. Den internasjonale ryggmargsrefleksen om samarbeid for fred og sosial rettferd, som fanst etter første og andre verdskrig, er under press. Fleire politiske aktørar siglar under falskt flagg når dei går til angrep på fagforeiningar, internasjonale organisasjonar og forpliktande samarbeid, for på den måten å påstå at dei skal løyse desse utfordringane.

Dei gode løysingane krev det motsette: Samarbeid og medråderett. Behovet for tillitsbasert samarbeid gjennom partane i arbeidslivet har blitt større, både nasjonalt og internasjonalt. Verdiar som rettferd, likeverd og solidaritet bør aldri gå av moten. Dei er, som grunnleggarane av ILO i 1919 skjønte, den einaste farbare vegen å gå.

Verdien av ILO har blitt større, ikkje mindre. Det er derfor viktig at alle støttar opp om ILOs arbeid. Når medlemsstatane og fleire tusen representantar for partane kvart år møtest i ILOS hovudkvarter i Genève, er det noko langt meir enn ein uforpliktande konferanse. Når partane på sitt beste har forhandla fram standardar i form av konvensjonar, rekommandasjonar og retningsliner og deretter implementert og følgt opp disse i etterkant, så er det svært viktig på samfunnsområde etter samfunnsområde. Døme på dette det siste tiåret er ILOs kjernekonvensjonar for å sikre organisasjonsfridomen, for å bekjempe barnearbeid, bekjempe tvangsarbeid, bekjempe diskriminering og for å sikre likestilling. Det er også på sin plass å minne om at Noreg fleire gonger har fått kritikk frå ILO for bruk av tvungen lønnsnemnd, i strid med retten til å streike.

ILO i framtida

Generalsekretæren i ILO, Guy Ryder, har uttrykt at ILOs relevans er avhengig av at organisasjonen også blir knytt tettare opp til andre globale politikkområde. Ryder peikar særleg på dei globale berekraftsmåla. I Unio var vi tidleg ute med å kople berekraftsmåla til oppfølging av Unio sin eigen politikk. Berekraftsmåla skal sikre at det er samanheng mellom viktige politikkområde – miljøpolitikk, sosialpolitikk og økonomisk politikk. I heile Unios historie har koplinga mellom det internasjonale og det nasjonale blitt vektlagt. Det meste vi gjer har ein internasjonal dimensjon. Og vi har dei same politiske visjonane ute som heime.

Difor vil Unio gjennom 2019 markere ILOs 100-årsjubileum ved å sette søkelyset på verdien av internasjonalt samarbeid som ein veg til sosial framgang og fred.
Gratulerer til 100-årsjubilanten!

Sjå også:
Future of work report, ILO Centenary celebrations to be launched on January 22 (ILO)