I dag leverte utvalsleiar Ragnhild Lied den første innstillinga om vidaregåande opplæring til kunnskapsministeren. – Vidaregåande opplæring står overfor ei stor utfordring i å gi eit tilbod som kan motivere og kvalifisere dei aller fleste, også dei med minst motivasjon og lavast karaktergrunnlag frå grunnskolen, sa ho då ho leverte innstillinga.
«Kvalifisert, forberedt og motivert — Et kunnskapsgrunnlag om struktur og innhold i videregående opplæring» er tittelen. Det er ei utgreiing om styrker og svakheiter i videregående opplæring. Denne vil vere eit viktig grunnlag for utvalget under arbeidet med hovudinnstillinga til neste år.
– I talgrunnlaget vårt ser vi at jo tidlegare ungdommen droppar ut av vidaregåande opplæring, desto vanskelegare blir det for dei å vere i utdanning eller arbeid seinare. Derfor er det så viktig at opplæringssystemet har tilbod som gjer at alle får strekke seg så langt som mogleg, sa Lied.
Mange av elevane med lave grunnskolepoeng startar på eit yrkesfaglig løp. Lied meiner derfor at det ikkje er overraskande at gjennomføringsandelen er lavare på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma enn på dei studieforberedande.
– For nokre elever er dei yrkesfaglige løpa nærast ein blindvei. Får ein ikkje læreplass etter Vg2, er vegen til å oppnå fagarbeidarkompetanse nærast stengt. Utvalet meiner dette er ei sentral strukturell utfordring i dagens vidaregåande opplæring, sa Lied.
Utvalet har i hovudsak sett på vidaregåande opplæring sidan Reform94. Mykje har forandra seg sidan 1994. Statistikk og forsking finns, men Lied understreka at kunnskapsgrunnlaget er meir mangelfullt når det gjeld vidaregåande opplæring enn når det gjeld grunnskulen, og at mykje av forskinga og statistikken er retta mot gjennomføring, mindre mot det som skjer i opplæringa, mot struktur og innhald. Spesielt er det lite data og forsking om vaksne.
Utvalet har lytta til “dei som har skoa på” – elevar og lærlingar, lærarar og instruktørar, skuleleiarar og fylkeskommunar, i tillegg til representantar fra universitets- og høyskolesektoren og partane i arbeidslivet.
Lied peikar på at sidan 1994 har langt fleire enn det søkartalet skulle tilseie fått studiekompetanse, altså ikkje fag/svennebrev – som sluttkompetanse. Det har blitt gjort tilpassingar i tilbodsstrukturen slik at vegane til studiekompetanse skulle bli enklare for elever på yrkesfag.
– Dette var faktisk eitt av måla i Reform 94. I dag – nærmare 25 år seinare – meiner vi det er grunn til å spørje om “lekkasjen” frå yrkesfaga er blitt for stor? I det vidare arbeidet vil vi i utvalet legge vekt på at det norske opplæringssystemet fortsatt skal forsyne arbeidslivet med dei beste fagarbeidarane. Samtidig skal elevane og lærlingane ha moglegheit til å få både studiekompetanse og yrkeskompetanse, sa Lied.
Alle har rett til vidaregåande opplæring. Men retten til opplæring inneberer ikkje rett til å sluttføre eit løp med bestått. Mister ein retten utan å ha bestått, har ein heller ikkje rett som vaksen.
– Mange av dei ungdommane som er komne så langt at dei har mista retten, vil kunne vere berre eitt eller nokre få fag frå å ha bestått.
Manglande standpunkt eller vurdering i fag gjer at den enkelte ikkje har rett til neste trinn. Ein har heller ikkje rett til å ta året opp igjen. Einaste moglegheita er å ta faget som privatist.
– Vi meiner at dette er problematisk, og at det å misse retten til vidaregåande opplæring står i kontrast til samfunnets vektlegging av den betydninga vidaregåande opplæring har for den enkelte. Skal livslang læring vere ein realitet, kan vi ikkje ha eit system som er så begrensande når det gjeld vidaregåande opplæring. Desse forholda vil utvalet ta tak i under arbeidet med hovudinnstillinga som skal kome om eit år, sa Ragnhild Lied.
Her kan du lese meir om arbeidet til Lied-utvalet
Her kan du høyre Ragnhild Lied i Politisk kvarter 11. desember