– Når NHO slår fast at dei ikkje er i stand til å vurdere fare for liv og helse, er dei ikkje skikka til å forvalte ansvar for helseinstitusjonar. Ikkje for velferdsinstitusjonar i det heile, sa Unio-leiar Ragnhild Lied i sin opningstale på Unio-konferansen på Sundvolden i dag.
Bakgrunnen for salva er administrerande direktør Anne-Cecilie Kaltenborn i NHO Service sine uttalelser på Dagsrevyen.
– Etter at dei hadde avslått dispensasjonssøknader frå sine eigne bedrifter, presterte NHO Service og handel å seie følgjande på Dagsrevyen: «Det er opp til helsemyndighetene å vurdere om det er fare for liv og helse. Det er ikke opp til partene i arbeidslivet». Tydelegare kan ein ikkje erklære seg sjølv inkompetent, sa Unio-leiaren til applaus frå salen.
I talen kom ho inn på forhandlingane om ny IA-avtale, der ho understreka at Unio sitt mål er at den nye avtalen må legge meir vekt på førebyggande arbeidsmiljøarbeid.
– Arbeidsmiljøet skal ikkje berre vere godt. Arbeidet skal i seg sjølv vere helsefremmande. Og det skal leggast til rette slik at det ikkje gir helseplager. Arbeidsmiljølova har nulltoleranse for trakassering, vald og mobbing, sa ho og fortsatte:
– Det psykososiale arbeidsmiljøet må høgare på dagsordenen. Mange av arbeidsplassane med størst utfordringar når det gjeld sjukefråvær og låg avgangsalder – som barnehagane og helsesektoren – er kompetansekrevjande, komplekse og menneskesentrerte – og kvinnedominerte. HMS-regelverket vart i si tid utarbeida for å betre det fysiske arbeidsmiljøet i industrien. Derfor er ikkje regelverket godt nok tilpassa utfordringane på arbeidsplassar der ein arbeider med og for folk, sa Lied.
Og fortsette med etterdønningane etter Metoo, som er «eit enormt varsel som blei til ei samfunnskraft».
– Etter fleire år med politisk arbeid har vi fått støtte til forslaget om eit varslingsombod frå eit samla regjeringsoppnemnt utval. I 2019 skal Regjeringa og Stortinget ta stilling til korleis varslarvernet skal styrkast. Vår klare bodskap til regjeringa er: Opprett varslingsombodet! Det vil vere ei god investering for alle partar, sa ho.
I fjor snakka Unio-leiaren om pensjonsforhandlingane som Unio skulle inn i. No oppsummerte ho med at Unio var godt førebudd og organiserte, og utnytta eigen kompetanse.
– Vi viste styrke. Det blei ein avtale vi kunne tilrå. Avtalen fekk kritikk, og vi var ikkje nøgde med alt. Men vi hadde sikra oss retten til å bruke medlemsdemokratiet. Og avtalen fekk brei støtte både i Unio, og i dei andre hovudorganisasjonane. Rett og slett fordi den på ein betre måte enn den forrige avtalen møter pensjonsreforma og levealdersjusteringa.
Ho understreka at i dei framtidige forhandlingane om særalderspensjonane handlar det ikkje om kva for yrke eller stillingar som skal ha særaldersgrenser, men om å tilpasse særalderspensjonen til det nye hovudsystemet.
– Vi har på det næraste ein prosessavtale klar. Ein avtale som skal sikre at regjeringa ikkje fremmer lovendringar før vi har oppnådd einigheit mellom partane. Det betyr at det blir tøffe og krevjande forhandlingar også neste år. Men vi er godt førebudde og vi er godt organiserte for det i Unio, forsikra ho.
Til tema på Unio-konferansen om demokrati-utvikling og digitaliseringa, sa ho mellom anna at det er demokratiserande at informasjon er meir tilgjengelig, samtidig som vi veit at algoritmane til Google «skreddarsyr» informasjonen den enkelte faktisk får.
– Og brått er vi så inn i dei berømte, eller berykta, ekko-kammera. Dette, i kombinasjon med den uendelege straumen av informasjon, der smått og stort – viktig og uviktig – får like mykje plass, kan snarare innskrenke enn å utvide den demokratiske allmenninga, sa ho.
Men Unio-leiaren har løysinga:
– Kunnskap om demokratiske verdiar og at folk ser desse som meiningsfulle og til hjelp, er ei vaksine mot forvitring av demokratiet.
Talen kan du sjå og høyre her: