NSF sitt trommekorps var på plass på streikemarkeringa i dag. – NHO har vist at dei berre forstår maktspråk, og har synleggjort ein enorm mangel på tariffmessig vilje til å finne løysningar for utdanningsgruppene. Dette er heilt uakseptabelt, fastslo Unio-leiar Ragnhild Lied i sin appell.
– Ingen skal tape minstestandardar på lønn og sjukelønn på tvers i Helse-Noreg. I dag er det kampen for sjukepleiarar, og denne kampen må førast vidare for alle grupper og nivå i Helse-Noreg. Måten NHO opptrer på i tariffsamanheng, truar grunnleggande lønns- og arbeidsvilkår innan helse og utdanning, sa Unio-leiar Ragnhild Lied i sin appell på støttemarkeringa for dei streikande sjukepleiarane i dag.
– Som Unioleiar talar eg på vegne av over 360.000 medlemmar. Vi er ein stor flokk som støttar dokker. Som står bak dokker som no kjempar ein tøff kamp. Ein kamp for utdanningsgruppene i NHO-området. De «tar ein kamp for laget», og det er så bra, understreka ho.
Norsk sykepleierforbund krev at lønns- og sjukelønnsordningen for sjukepleiarane i private bedrifter organisert i NHO-området, skal være på line med vilkåra i kommunane (KS). Dette kravet har NHO avvist.
55 sjukepleiarar i private sjukeheim har vore i streik i snart to veker.
– NHO har vist at dei berre forstår maktspråk, og har synleggjort ein enorm mangel på tariffmessig vilje til å finne løysningar for utdanningsgruppene. Dette er heilt uakseptabelt, fastslo Lied i sin appell, og fortsatte:
– At NHO ikkje gir sjukepleiarar lik minstelønn med «helsebransjen» forøvrig, er ikkje akseptabelt overfor arbeidstakarar, pasientar, brukarar og helsestyresmakter. Norsk Sykepleierforbund har Unio si fulle støtte i streiken mot NHO. For kampen for same minstelønnsnivå for sjukepleiarar uavhengig av kvar dei jobbar i helse-Noreg, avslutta Unio-leiaren.
Du kan lese meir om streiken på NSFs si nettside.