– Vi skal ha ein ordentleg reallønnsvekst. Teknisk berekningsutval (TBU) anslår ein prisvekst på to prosent. Difor meiner eg at vi må opp på tre-talet i år, sa Unio-leiar Ragnhild Lied då ho opna Unio si inntektspolitiske konferanse i dag.
Ho peika på at det no går betre i norsk økonomi, og at partane har vist ansvar i dei tøffe tidene norsk økonomi har vore gjennom.
– For oss betyr det å ta ansvar også å sørge for at våre medlemmer får sin del av verdiskapinga i dette landet, understreka Unio-leiaren.
Lied peika på at kompetanse og kvalitet heng i hop – og at det trengst meir av begge deler i store delar av offentleg sektor.
– Skal ein sikre kvalifisert og kunnskapsbasert arbeidskraft i offentleg sektor, må lønn vere det første og viktigaste kravet. Vårt krav er tydeleg: Utdanning skal lønne seg betre, sa ho i oppstarten på tariffoppgjeret.
Les også sak i Frifagbevegelse.no