Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"Eit vedtak frå likestillingsnemnda har skapt rabalder. Når NHO og andre er så aggressive på dette, kjem det nok av at heile saka utfordrar ein årelang kultur og praksis der kvinnedominerte yrke blir lågare verdsett enn mannsdominerte. "
>> Les innlegget
 
 
 
 
Tariffavtalane om tenestepensjon
bernhard stormyr
5/6/2009
– Vi vann fram med det viktigaste, seier Unio-leiar Anders Folkestad i ein kommentar til resultatet frå meklinga. Her finn du sjølve avtaleteksten.

– Vi har sikra eit framleis bra nivå på pensjonen sjølv om ein må gå tidleg, for eksempel frå 62 år. Vi vidarefører nivået på AFP som i dag, og AFP-pensjonistane rykkjer opp til 66 prosent ved 65 år, seier Folkestad.

Resultatet inneber også at prinsippet om ein pensjon på minst 66 prosent av sluttlønna når ein har 30 års opptening, blir ført vidare.

– Spørsmålet om 30 års opptening har vore eit sentralt element i dragkampen i meklinga. No er det framleis mogleg å oppnå eit akseptabelt nivå basert på eit normalt yrkesløp i offentleg sektor, seier Folkestad.

– Dette gjeld alle arbeidstakarar i offentleg sektor, ikkje berre dei såkalla høgtlønte, seier Folkestad.

Unio meiner at løysinga ikkje nødvendigvis er perfekt i eitt og alt, men ho er betre enn det alternativet regjeringa ville presse fram. Samstundes må vi hugse at arbeidstakarar i offentleg sektor i stor og aukande grad har høgre utdanning, og at kring 70 prosent av dei er kvinner. 

Indeksering og levealdersjustering vil etter kvart slå inn i tråd med dei vedtaka som Stortinget har gjort. 

Vi gjer merksam på at omtalen av det såkalla kombinasjonsalternativet i Riksmeklingsmannen si møtebok ikkje er ein del av tariffavtalen. Vi konstaterer berre at det ligg ved.

Last ned:


Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no