Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"Eit vedtak frå likestillingsnemnda har skapt rabalder. Når NHO og andre er så aggressive på dette, kjem det nok av at heile saka utfordrar ein årelang kultur og praksis der kvinnedominerte yrke blir lågare verdsett enn mannsdominerte. "
>> Les innlegget
 
 
 
 
Bomskot med lauskrut
Inger Johanne Rein
22/11/2009
President i Tekna, Marianne Harg, påstår i Dagbladet 19.11. at «Unio er bremsekloss» for at høgre utdanning skal lønne seg. Det er eit bomskot med lauskrut.

Av Anders Folkestad

Det er gode grunnar til å drøfte systemet for lønnsdanning. Og eg er einig med Harg i at det må lønne seg betre å ta lang utdanning her til lands, særleg i offentleg sektor. Skråsikre påstandar og einsidig satsing på lokale forhandlingar, slik Harg legg opp til, gagnar i alle fall ikkje utdanningsgruppene.

Medlemsforbunda i Unio har noko ulike erfaringar med og syn på lokal lønnsdanning. Særleg er skepsisen utbreidd blant lærarane, som i praksis har tapt på lokale forhandlingar etter overføringa til KS. Tronge kommunebudsjett har ikkje gitt særleg rom for å løfte store yrkesgrupper lokalt. Tvert imot. Desse erfaringane ligg til grunn når Unio utformar politikk og strategiar. Vektlegginga kan difor variere frå oppgjer til oppgjer, og må dessutan tilpassast situasjonen i ulike tariffområde.

Unio avviser ikkje lokale forhandlingar, men vi legg mest vekt på sentral lønnsdanning. Vi har mildt sagt lite tru på Hargs resept med einsidig vekt på lokale tillegg.

Betre lønn for utdanningsgruppene i offentleg sektor er nødvendig for å rekruttere og behalde godt kvalifisert arbeidskraft. Eit likelønnsløft vil vere eit steg på vegen. Likelønn er ein del av løysinga, ikkje ein del av problemet, slik Harg feilaktig påstår. 

Innlegget sto på trykk i Dagbladet 22. november 2009

 


Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no