No må det takast tydelege grep. Det trengst ein meir offensiv budsjettpolitikk for å hindre sterk arbeidsløyse. Dei som hevdar at dette vil hindre rentenedgang, har verken sjekka kartet eller kompasset.
Av Anders Folkestad, Unio-leiar
Forslaget til statsbudsjett var allereie gått ut på dato då det gjekk i trykken. Rett nok varslar regjeringa at dei gode tidene er forbi, men dei realøkonomiske verknadane av finanskrisa er ikkje bygd inn i budsjettet. Utsiktene har forverra seg dei siste vekene.
I ein slik situasjon trengst offensive tiltak – utover det statsbudsjettet legg opp til. Krisetiltaka for finansnæringa er berre ein start. Det neste er å bruke budsjettpolitikken i kampen for å halde folk i arbeid.
Offentleg innsats er ein svært treffsikker måte å bekjempe dei realøkonomiske verknadene av finanskrisa. Veksande arbeidsløyse i bygg og anlegg kan møtast med sterkare satsing på vedlikehald av offentlege bygg og infrastruktur. Det er nok å ta av, og regjeringa har starta heller puslete.
Det offentleg tenestetilbodet må styrkast både i kvalitet og omfang. I tronge tider må det satsast ekstra i kampen mot kriminalitet og svart økonomi. Unio har foreslått ein første tiltakspakke på 5 mrd kroner, og ei dobling av den rentefrie låneramma, til 30 milliardar, for vedlikehald av offentlege bygg.. Endå fleire tiltak vil bli nødvendig i eit samspel mellom offentleg og privat sektor.
Pengepolitikken og finanspolitikken må trekke i same retning. Inflasjonsutsiktene blir dempa, det er spådd nullvekst i EU, USA og Japan. SSB anslår veksten i fastlandsøkonomien neste år til 1 pst. I ein slik situasjon vil ikkje ein krisepakke eller to stoppe rentenedgangen. Og gevinstane er mange for folk flest.
(Innlegget sto på trykk i Dagens Næringsliv 28. oktober 2008.)