ropar dei fleste av oss når det trengst. Det blir forventa at politiet kjapt er på pletten når situasjonen krev det, at rette avgjerder lynraskt blir tatt og at det handfast blir rydda opp. Vi vil ha eit politi som førebyggjer og som effektivt kjempar mot kriminalitet av ulike slag. Og samstundes skal det vere eit politi sikkert forankra i demokrati, likebehandling og rettferd – eit mangfaldig politi som myndig har smilet på lur og gir oss tryggleik.
Av Anders Folkestad, leiar i Unio
Politireforma skulle medverke til fleire og meir synlege politifolk. Slik har det ikkje blitt. Derimot er lett å få auge på råare kriminalitet, fleire arenaer for kriminalitet og på ein vakt-og sikringsbransje som no tel fleire tilsette enn operative politifolk. Nærare to hundre stillingar i Oslopolitiet er ledige. I distrikts-Noreg blir stadig lenger til ”nærpolitiet”.
I perioden 2001 til 2005 har talet på anmelde saker gått ned med 15 pst. Oppklaringsprosenten held seg stabilt på godt under 40 pst. Tilliten til norsk politi er framleis høg, men kor lenge vil det vare?
Kvifor er det så politisk vanskeleg å styrke politiet? Det er vel neppe skadeleg for norsk økonomi om det blir investert meir i førebygging og oppklaring av kriminalitet? Og sentralbanksjefen trugar vel heller ikkje med å sette opp renta av den grunn?
I Sverige har det dei siste fire åra blitt 1500 fleire i politiet, og talet skal aukast med 2300 innan 2010. Våre politifolk har dessutan eit breiare spektrum av oppgåver enn svenske kollegaer. For å nærme seg ei liknande satsing må det her til lands kome minst 1000 nye stillingar til politiet. Fiksar du det, Storberget?
Det burde vere sjølvsagt at norske borgarar er sikra eit kompetent politi som er til stades når det trengst, og som kan løyse oppgåver på ein tillitsskapande måte. Både budsjett- og inntektspolitikken må brukast langt meir offensivt i så måte enn styresmaktene har gjort så langt. Dermed kunne ein også kome nærare Soria-Moria målet om at ”trygghet i samfunnet er et velferdsspørsmål og et stort offentlig ansvar.”
Dette innlegget stor på trykk i Aftenposten 29. mars
Skrevet 1.11.2007