Ho hadde knapt fått trekkje pusten etter dagar og netter med klimaforhandlingar før media skulle ha svar på korleis ho ville få ned sjukefråveret. Dette markerer at Hanne Bjurstrøm er i full gang som arbeidsminister. Unio ønskjer lukke til og ser fram til godt samarbeid.
Store saker avsluttar 2009. Sjukefråveret stig, og det same gjer debattemperaturen. Om
Københamnforhandlingane hindrar temperaturen å stige, står att å sjå. Forhandlings-resultatet er verken godt eller logisk. I beste fall er det noko å byggje vidare på. Norsk og internasjonal fagrørsle følgde klimaforhandlingane på nært hald. Mange merka seg Bjurstrøms engasjement og stå-på-evne.
Dette er eigenskapar som vil kome godt med når ho skal ha ei sentral rolle i arbeidslivspolitikken. Unio har saman med dei andre hovudorganisasjonane på arbeidstakarsida foreslått eit klimapolitisk råd. Klimapolitikk er også ei sak for arbeidslivet sine partar. Unio legg opp til eit offensivt samspel vidare, både i denne saka og i andre saker som vil prege arbeidslivspolitikken.
Årsskiftet inneber altså at store og viktige saker går inn i ei ny fase. I perioden fram til 1. mars skal IA-avtalen sikrast. Vi må få bukt med det stigande sjukefråveret, utan at sjukelønnsordninga blir svekka.
2009 var prega av finanskrisa, som gjorde kvardagen utrygg for mange. Utsiktene inn i 2010 er lysare, men faresignala er framleis å sjå. Mest utsett er eksportindustrien. Men det kan bli krevjande kvardagar for mange, når finansministeren skal sette sine økonomiske bremseopplegg ut i livet.
Tariffoppgjeret i offentleg sektor var i 2009 prega av pensjonssaka. Forhandlingane var svært krevjande, men resultatet blei bra. Pensjonsreforma er likevel ikkje ferdig, og vil vere tema også det komande året.
Og så er det hovudtariffoppgjer i 2010.
Rett før jul vedtok Representantskapet i Unio hovudsaker og prioriteringar for 2010. Eg ser fram til å ta fatt på desse.
Men her og no ønskjer eg ei retteleg god jul og eit godt nyttår til alle tillitsvalde og medarbeidarar i Uniofellesskapet. Ei ekstra helsing til dei mange medlemmene som er på arbeid, og held hjula i gang også i jule- og nyårshelga.
Anders Folkestad, Unio-leiar