Det er hektisk valkamp. Framstegspartiet har vind i segla. Enten valresultatet er nær 30 prosent eller 20 prosent, er partiet ein suksess - ein skummels suksess til ettertanke.
Partiet sin politikk er sprikande og heng ikkje saman. Dette er ein gjengs kommentar frå ekspertar og motstandarar. Det er nok rett, i alle fall målt mot vanlege partiforventningar. Likevel – berre det å satse på framsteg som ein del av namn og varemerke – har appell. Kven har ikkje sans for framsteget?
Frp er god på å profilere enkeltsaker. Partiet vil mange vel, og har meir pengar enn noko anna parti. Difor er Noregs mest populistiske parti, full av motsetnader.
Frp vil ha både ha sterk liberalisme og ein sterk stat på ein gong. På ei rekkje område skal staten automatisk betale, borgarane skal ha sterke rettar, skal både krevje og velje. Samstundes skal skattane kraftig ned.
Frp har lært seg organisasjonsbygging gjennom skolering og kommandoliner. Ikkje ulikt den historiske Ap-tradisjonen.
Frp-suksessen viser at politikk ikkje berre er logikk. Knapt nok ideologi. Somme omtalar Frp først og fremst som eit protestparti. Og dét er det så definitivt.
Siv Jensen, og ikkje minst Carl I Hagen, har spelt effektivt på den folkelege skepsisen til besserwisserane i den politiske og byråkratiske eliten, enten det handlar om regjeringskontora, partia eller pr-byråa. Og sannsynlegvis blir også fagorganisasjonane sentralt plassert i denne kategorien.
Dei tradisjonelle og stadig meir profesjonaliserte partimiljøa har ikkje på same måte evna å fange opp eller tolke dei folkelege protestmeldingane. Og det er nok ikkje tilfeldig at Frp samlar ekstra støtte blant gründerar og i mange kystmiljø. Folk her veit i alle fall at verken veret eller fangsten kan styrast gjennom reglar frå Oslo.
Difor er det nok fleire enn overtydde Frp-tilhengarar som av og til tenker at establismentet har godt av å få seg ein på trynet. Denne haldninga er i seg sjølv eit potensiale for Frp, og samstundes ein del av forklaringa på at Frp oftast gjer det betre i meiningsmålingar enn i val.
Likevel – det er ein tvilsam motstrategi å stemple Frp-sympatisørar nærast som dumme, og at partiet er ei katastrofe for landet. Slikt besserwisseri styrker Frp – naturleg nok. Og viss vi vil ha demokrati, må i alle fall det folkelege respekterast. Respekt handlar om å ta på alvor, om å bruke argument. Og det finst jo saker der Frp har gode poeng, til og med så bra at andre parti langt på veg har kopiert standpunkta.
Sjølvsagt er det Frp-medlemmer og -veljarar som er medlemmer og tillitsvalde i Unio-forbunda. Meiningsmålingar tyder likevel på at det store fleirtalet av medlemmer likevel ikkje assosierer Framstegspartiets politikk med framsteg. Det verkar som om det er andre parti som får fleirtalet av ”uniorøystene”.