Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"På leiarplass 10. oktober kommenterer Dagbladet ressurssituasjonen i politiet. I velkjent stil vil Dagbladet arrestere dei "som syter" over ressursmangel."
>> Les innlegget
 
 
 
 
blank document image 1
undefined
blank
Nei eller ja
Vil den pågåande ”pensjonsmeklinga” ende i nei og streik, eller ei ja-tilråding overfor medlemmene? Det får vi først vite natt til 27.mai, som er fristen meklingsmannen har for å finne løysing.

Alle organisasjonane står bak eit felles krav, som regjeringa ikkje gav tilsvar på før forhandlingsbrotet. Det tilseier ei hektisk, krevjande og spennande meklingsperiode.

For offentleg tilsette står mykje på spel i pensjonssaka. I kjølvatnet av pensjonsreforma og den nye folketrygda, fryktar mange at tenestepensjonen skal bli dårlegare.

I oppspelet til årets forhandlingar har vi sett ei rekkje utspel i retninga av eit meir ”straumlineforma” pensjonssystem. Større risiko for dei tilsette, press om å stå lenger i arbeid og sterkare krav til oppteningstid er nokre gjengangarar. Om enn litt innpakka, bodskapen er at pensjonen skal vere slik at folk må stå lenger i arbeid. Altså dårlegare pensjonsvilkår. Temperaturen stig. Det same gjer faren for konflikt.

Eit viktig element i dagens offentlege tenestepensjon er at arbeidstakarane er sikra minst 2/3 av sluttlønna etter 30 års oppteningstid. Det blir tatt omsyn til reelle yrkesløp. Du kan få ein anstendig pensjon enten du har brukt mange år på å ta utdanning eller av andre grunnar har ei yrkeskarriere som ikkje rekk særleg over 30 år i det offentlege.

Dette gjer at ulike grupper – langtidsutdanna, fagarbeidarar og andre – i fellesskap stiller opp for å forsvare prinsippa i dagens offentlege tenestepensjon.

I det verkelege arbeidslivet er det relativt få som lever opp til pensjonsreforma sin idealpensjonist som har lik inntekt i meir enn 40 år, men som likevel skal ”stimulerast” til å stå ”litt lenger” i arbeid.

Offentleg sektor har eit høgt, og aukande, utdanningsnivå blant sine tilsette. Det er difor langt fleire av desse som har høgre alder ved yrkesstart enn i privat sektor. Dei store utdanningsgruppene nærmar seg i snitt 30 år før dei startar opptening for tenestepensjon. Svært mange rekk ikkje meir enn om lag 30 oppteningsår før avgang frå yrkeslivet.

Det seier seg difor sjølv at for utdanningsgruppene er oppteningstida ei kampsak. Ikkje minst er dette avgjerande for pensjonen til kvinner. Kombinasjonen utdanning, uregelmessig yrkesdeltaking og deltid kan gje ekstra dårleg tenestepensjon for kvinner. Dette vil vere heilt uakseptabelt.

Det er dessutan eit paradoks at det synest langt fram til løysing når Stortinget har vedtatt at bruttoordninga med ein garantert pensjon på 2/3 av sluttlønna skal vidareførast. Stortinget sa rett nok ikkje noko eksplisitt om oppteningstida. Antakeleg fordi det var så opplagt at ein ikkje kunne tukle med ein så sentral regel.



Relaterte dokumenter:


 


Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no