I ei tid der Norge skrik etter arbeidskraft, har vi 116 000 deltidsarbeidande som ønsker å jobbe meir. Det er like mange som for eitt år sidan.
- Dette viser tydeleg at her er det mer preik enn praksis, og at forsikringane fra arbeidsgjevarsida tydelegvis ikkje endrar situasjonen, seier Unio-leiar Anders Folkestad.
116 000
Statistisk sentralbyrå presenterer i dag tala på undersysselsette. Dette er sysselsette med deltid som avtalt arbeidstid og som ønsker meir arbeid. Talet på undersysselsette var 116 000 i 1. kvartal 2007, og dette utgjer inga endring frå 1. kvartal året før. Som andel av alle deltidssysselsette utgjorde ufrivillig deltid 17,5 prosent i 1. kvartal 2007.
Helse/sosial og undervisning
- Tilsette i helse- og sosialsektoren og undervisning er blant dei som er mest utsette for misbruk av deltid, seier Folkestad. Nesten halvparten av dei undersysselsette er å finne i desse sektorane.
Arbeidskraftreserven
Ved å summere tilbudet av arbeidstimer fra de arbeidsledige og de undersysselsatte, får vi at disse to gruppene i 1. kvartal 2007 tilbød et antall arbeidstimer som svarer til 91 000 heltidsjobber, 30 000 færre enn i samme kvartal året før.
Skrevet 11.2.2008