Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"På leiarplass 10. oktober kommenterer Dagbladet ressurssituasjonen i politiet. I velkjent stil vil Dagbladet arrestere dei "som syter" over ressursmangel."
>> Les innlegget
 
 
 
 
blank document image 1 blank
Gjenstridige lønnsgap
Tariff 2010 er i full gang - både i privat og i offentleg sektor. Utfordringane er store. forventningane like eins. Det som derimot ikkje er særleg stort er dei økonomiske rammene for oppgjeret.

Regjeringa og arbeidsgjevarane har sidan nyttårstider levert sine bekymringsmeldingar i stort omfang, og omkvedet har vore moderasjon. Og det er sjølvsagt alvorleg når arbeidsplassar er truga og arbeidsløysa er stigande slik tilfellet har vore både i Noreg og i andre land. Likevel meiner eg at mange har gått for langt i svartmålinga av den økonomiske situasjonen her til lands. 

Det er i alle fall ikkje eit høgt lønnsnivå for Unios medlemmer i offentleg sektor som er trugsmålet mot velferd og konkurranseevne. Det er snarare det låge lønnsnivået som bør uroe. Det uroar definitivt Unio og medlemsforbunda. Men syresmakter og arbeidsgjevarar, som er ansvarlege både for tilgang på tenester og kvaliteten på tenestene, bør vere ekstra urolege.

Skilnaden i lønn for utdanningsgrupper i offentleg og privat sektor er stor, meir enn 110 00 kroner i årslønn. Og skilnaden har blitt større dei siste åra. Denne lønnsskilnaden er også ei hovudårsak til likelønnsgapet. Kvinner med høgre utdanning tener 120 000 mindre enn menn med tilsvarande utdanning og kompetanse 

Det er flest kvinner som arbeider i offentleg sektor, og det er flest menn som arbeider i privat sektor. Utdanningsnivået er gjennomgåande høgare i det offentlege. Difor vil utjamning av lønnsskilnader mellom offentleg og privat sektor vere nødvendig for å jamne ut likelønnsgapet. Og tilsvarande vil eit likelønnsløft i offentleg sektor minske skilnadene mellom offentleg og privat sektor. I begge tilfelle handlar det om eit gap på over 100 000 kroner. Unios medlemmer - kvinner og menn - er i same båt. 

Alt heng saman med alt, sa ein tidlegare statsminister.
Spørsmålet blir om dagens statsminister ser samanhengane? Vil han og regjeringa legge ekstra likelønnspengar på bordet? Det er i alle fall nødvendig om det skal bli eit likelønnsløft som monnar.



 


Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no