Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"På leiarplass 10. oktober kommenterer Dagbladet ressurssituasjonen i politiet. I velkjent stil vil Dagbladet arrestere dei "som syter" over ressursmangel."
>> Les innlegget
 
 
 
 
blank blank
Folkestads tale til verdskongressen
Denne veka er representantar for fagrørsla over heile verda samla i Vancouver. Unio-leiaren heldt tale på verdskrongressens andre dag, der han la vekt utdanning og forskning.

Tirsdag 22. juni på den andre dagen av ITUCs verdskongress vart hovudrapporten frå generalsekretæren, Guy Ryder, lagt fram. Rapporten handla i stor grad om finanskrisa, og korleis internasjonal fagrørsle saman skal kjempe mot verknadene av krisa.

Unio-leiar Anders Folkestad kommenterte rapporten framføre 1000 delegatar frå heile verda:


Dette er ein god og sterk rapport der ambisiøse mål og viktige strategiar blir lanserte. Det er lett å stille seg bak overskrifta ”Now the people” – from crisis to global justice.

Unio Norge stiller seg fullt ut bak dei seks prioriteringane som er framheva i resolusjonen.

Finanskrisa er ei hovudsak. Men vi må legge til grunn at kreftene som har skapt finanskrisa også har skapt andre kriser, enten vi snakkar om matkrise eller klimakrise.

Dette er krefter og interesser retta mot ukontrollert vekst, krefter som vil ha nytte for dei få og ikkje for dei mange – som satsar på «greed before need.»

Difor er det i stor grad dei same tiltaka og verkemidla som må settast inn for å bekjempe både den økonomiske krisa og klimakrisa. Kampen må gå parallelt:
- politisk styring
- statlege reguleringar
- eit offensivt samspel mellom offentleg og privat sektor
- offentleg sektor må styrkast, ikkje svekkast

Til saman gir dette styrke til kampen mot arbeidsløyse og kampen for velferd og tryggleik.
Som fagorganiserte må vi ha klare mål – decent work, social justice og green jobs.

Vi snakkar ikkje om ein strategi, men om fleire. Og dei må henge saman.

Ein viktig strategi må vere satsing på utdanning for alle, satsing på kunnskap og på forsking. Utdanning går til kjernen av sosial rettferd. Kunnskap går til kjernen i kampen for ein berekraftig klimapolitikk.

Utdanning for alle er solidaritet i praksis. Det gir styrke til kampen mot fattigdom. Derfor må utdanningspolitkk i større grad prege ITUCs politikk og praktisk arbeid.Utdanning på alle nivå er ein viktig del av kampen for likestilling mellom kjønna. Det er uakseptabelt at jenter og kvinner verda rundt ofte må stille bakerst i utdanningskøa.

Og ikkje minst handlar utdanning og kunnskap om framtida for unge.
Vi ser det over alt – også i velståande Norge. Og vi høyrde tidlegare i dag ein viktig bodskap frå den svenske ungdomsrepresentanten:
Både finanskrisa og klimakrisa skaper problem for unge. Dei blir ramma dobbelt. På den eine sida står skræmande mange utan arbeid – dei får ikkje inngang til arbeidsmarknaden – eller i beste fall til usikre og dårlege jobbar.

På den andre sida blir dei også ramma av at utdanningssystemet blir svekka gjennom kutt i offentlege budsjett.
Fagrørsla kan ikkje akseptere at den viktigaste investeringa – investering i ungdom og utdanning må vike for vanvittige investeringar i ein reindyrka marknadsøkonomi som er skadeleg for folk flest.

Eg vil oppmode kongressen til å forsterke utdanning og kunnskap som del av strategien for å gå frå krise til sosial rettferd. Viss vi meiner alvor med ”Now the people” må det forplikte til satsing på utdanning for alle.

Skrevet 23.6.2010

 


[Tilbake]

Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no