Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"På leiarplass 10. oktober kommenterer Dagbladet ressurssituasjonen i politiet. I velkjent stil vil Dagbladet arrestere dei "som syter" over ressursmangel."
>> Les innlegget
 
 
 
 
blank document image 1 blank
Vilt om verdiskaping

Endå ein gong har vi fått ein heit debatt om "verdiskaping". Denne gongen er det tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) som skaper forvirring og sterke kjensler. Tala fortel at verdiskapinga er langt, langt større i Oslo enn i andre delar av landet. Byråden i Oslo blir glad, og twitrar stolt at han er på jobb i Noregs mest verdiskapande fylke.

Motsatsen til dette er klassiske industrifolk som hissar seg opp over at papir- og pengeflyttarane i Oslo blir rekna som verdiskapande i det heile tatt. Ikkje produserer dei noko synleg og handfast, og langt mindre har dei noko å selje til utlandet. For dét er den einaste verdiskapinga i somme sine auge.

Det er same tankegangen som kjem til synes når det til og med blir foreslått at det som skjer i offentleg sektor ikkje skal reknast som verdiskaping. Dette blir heilt vilt og tullete.

Debatten tyder på at SSB bør tenke gjennom presentasjonsforma til neste gong dei skal levere tal for nasjonalrekneskapen og fordele BNP fylkesvis. Berre fordelinga er i seg sjølv full av feilkjelder.

Men debatten viser - endå ein gong - kor problematisk sjølve verdiskapingsomgrepet er. Det blir verdilada i meir enn ein forstand. Særleg når det blir brukt, eller forstått som mål på, verdsetting av ulikt arbeid eller ulike samfunnsoppgåver.

For somme er verdiskaping nesten uløyseleg knytt til produksjon og sal av varer på ein marknad - helst eksport. Denne forståinga av verdiskaping er alt for snever i kunnskapssamfunnet og i eit arbeidsliv der tenestesektoren er i vekst.

Denne snevre verdiskapinga har særleg gode vilkår om våren. For somme er dette kvintessensen i vårens vakraste eventyr: Det er i frontfaga verdiane blir skapte. Tinga som skal eksporterast har visst nok ei eiga evne til å "forstå" kva som er fornuftig lønnsnivå og akseptabel lønnsutvikling - langt utover eigne rekkjer.

Finansministeren og andre har hamra heftig på den gamle bodskapen. Ikkje rart det er mange som møter seg sjølv i fleire dører.

Det er i alle fall ingen grunn til å undre seg over at det blir heit debatt om verdiar.
 



 


Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no