Over 90 prosent av norske ordførarar meiner tilbodet ved sjukeheimane er godt – under halvparten av dei tilsette er samde. Endå større sprik er det i synet på om det er nok faglært personell i eldreomsorgen i kommunane.
Bladet Sykepleien har saman med Fagbladet (gitt ut av Fagforbundet) offetleggjort ei spørreundersøking utført av ordførarane i landet og tilsette i eldreomsorgen.
Enormt sprik
Resultatet viser eit enormt sprik mellom kva ordførarane og dei tilsette meiner er verkelegheita. På spørsmålet om kva dei spurte syns om tilbodet ved sjukeheimar/eldreinstitusjonar svarte 92 prosent av ordførarane at tilbodet var meget eller ganske godt. Berre 55 prosent av sjukepleiarane og 42 prosent av hjelpepleiarane var samde i den vurderinga.
Nok fagpersonell?
I undersøkinga vart det også stilt spørsmål og det er tilstrekkeleg med faglært personell innan eldreomsorgen i kommunene. Ja, svarte 68 prosent av ordførarane. Berre 32 prosent av sjukepleiarane og 37 prosent av hjelpepleiarane meinte det var nok kvalifisert personell.
- Hakkande gale
- Noko er hakkande gale! seier valforskar og professor i statsvitskap Frank Aarebrot til Sykepleieren om det store spriket i synet på eldreomsorga. Han meiner ordførarane har eit forklaringsproblem. Og at dei tilsette må varsle.
Ulikt i store og små kommunar
I undersøkinga er det kommunane styrt av ordførarar frå Høgre og Framstegspartiet som kjem dårlegast ut, ifølge svara frå dei tilsette, medan småpartia kjem best ut. Men dette må sjåast i samanheng med størrelsen på kommunane:
- Tilsette i store kommunar (oftast styrt av Høgre), er minst fornøyd med tilbodet i heimesjukepleien og korttidstilbodet til sjuke eldre.
- Mest fornøyd er tilsette i kommunar som har ordførarar frå Senterpartiet (ofte mindre kommunar), Kristeleg Folkeparti eller Venstre.
- I kommunar med ordførarar frå Framstegspartiet, er dei tilsette ekstra misfornøyd med sjukeheim og korttidstilbod.
Skrevet 29.10.2007