Unio er i streik i KS og Spekter fordi ramma vart for trang og profilen for dårleg. Arbeidsgjevarane misbrukte sjansen til å få til dét likelønnsløftet som vi treng i offentleg sektor.
Streiken er ei kraftig likelønnsmarkering. Streiken er også ein kamp for kunnskap, tryggleik og helse, ein kamp som er naudsynt for å sikre gode tenester i velferdsstaten.
Regjeringa har medverka til å skape forventningar om eit likelønnsløft. Dei ser no at dette har skapt ein alvorleg situasjon, og eg vil minne om at regjeringa har både høve - og til sjuande og sist eit ansvar - for å medverke til ei løysning.
Vi arbeidde hardt for å kome i mål i meklinga. Men når vi no går i konflikt, gjer eg det med vissheit om at vi er godt budde på ein streik. Vi har ein hær av dyktige og innsatsvillige tillitsvalde og medlemmer, og det gjer Unio godt rusta når vi no går i konflikt.