Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"På leiarplass 10. oktober kommenterer Dagbladet ressurssituasjonen i politiet. I velkjent stil vil Dagbladet arrestere dei "som syter" over ressursmangel."
>> Les innlegget
 
 
 
 
blank document image 1 blank
Takk til dei streikande

Ein nødvendig og viktig streik er over. Dei streikande fortener stor takk for kampviljen, innsatsen og samhaldet. Streiken har gitt resultat, både når det gjeld den økonomiske ramma og profilen.

Det er ikkje grunnlag for å framstille dette som eit kjemperesultat I alle fall ikkje målt mot forventningane om det store likelønnsløftet i offentleg sektor. Men det har utan tvil vore ein kjempestreik. Ei samla arbeidstakarside har stått i lag i kampen mot KS. Eg vil tru at det er eit tankekors for kommunenoreg at det måtte ein storkonflikt til før KS flytta seg, og kom organisasjonane i møte.

Unio skal oppsummere og vurdere dei ulike sidene ved streiken. Det gjeld både prosess og resultat. Men eg vil utan vidare slå fast at Unios streikande medlemmer og tillitsvalde har gjort ein strålande jobb. Det har vore ei hektisk og krevjande periode Spørsmåla frå medlemmer og publikum har vore mange. Unios representantar har handtert det heile ryddig og profesjonelt.

Ei stor takk til alle streikande , og takk også for at medlemmer som sjølve ikkje har vore i streik har støtta opp om krava og konflikten. Det gjeld både KS streiken og streiken i sjukehussektoren.


 



 


Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no