Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"På leiarplass 10. oktober kommenterer Dagbladet ressurssituasjonen i politiet. I velkjent stil vil Dagbladet arrestere dei "som syter" over ressursmangel."
>> Les innlegget
 
 
 
 
blank document image 1 blank
Hanssens vrangforestillingar

Eit døme på dette: Ein mann vert hardt skadd i ei bilulykke. Han får hjelp til å bli frisk og arbeidsfør igjen på sjukehus og gjennom rehabilitering. Dette er offentlig forbruk. Volvoen han krasja blir reparert på ein bilverkstad: Dette er verdiskaping og med på å auke norsk BNP.

Stat og marknad er to ulike måtar å organisere verdiskaping på. Sjå berre på korleis Norge og USA har organisert helsesektoren sin. Bjarne Håkon Hanssen går no frå stillinga som helseminister med ansvar for sjukehusbudsjetta. I Norge er sjukehusa finansiert av det offentlege. I USA, som bruker det dobbelte av oss på helse, er sjukehusa stort sett private. Men så er dette «verdiskaping» som det monar av i USA - helsekostnadane utgjer over 15 prosent av BNP.

Dei skandinaviske landa har ei stor offentleg tjenesteyting som er finansiert med relativt høgt skattenivå og med høg økonomisk tryggleik for heile befolkninga. Internasjonalt er det mange som har problem med å forklare korleis land med ein så stor offentleg sektor kan ligge på verdstoppen i konkurranseevne og produksjonseffektivitet. Ut frå økonomisk teori burde dette vere umogeleg, og er omtalt som den nordiske gåta.

Fleire ser ut til å ha blitt så blinda av marknadsrus og børsoppgang siste tiåra at dei trur at berre det som let seg måle i pengar er verdiskaping. I to tiår har verdiskaping blitt målt som prisen på aksjar. Når aksjekursen fell, blir språkbruken endra. Då heiter det plutseleg marknadskorreksjon og ikkje verdiøydelegging.

Ein del ser ut til å meine at offentleg sektor har ein innebygd tendens til å bruke ressursar på ein ineffektiv måte, at det er sløsing med skattebetalarane sine pengar. Løysinga synest vere å få meir effektiv ressursbruk gjennom konkurranseutsetjing og privatisering. Dette har, for å seie det forsiktig, ikkje alltid fungert.

I jaget etter å få meir ut av kvar krone, er det noko som går tapt, kvaliteten.

Dersom vi lar heimssjukepleien ta fem fleire besøk om dagen, så går produktiviteten opp, men det er liten tvil om at kvaliteten må lide.

Den største formuen Norge har er kompetansen til befolkninga. Utan den kunnskapen norske arbeidstakarane har, ville vi måtte konkurrere med lavkostland om å produsere enkle produkt til ein lågast mogeleg pris. Den konkurransen ville vi tapt.

Det er såre enkelt å måle verdiskaping når denne skjer i ein marknad: Pris minus produksjonskostnad. Korleis måler vi verdien av ein dyktig lærer som underviser 25 elever, og som klarer å få alle i klassen til å fullføre vidaregåande skule. Kva prislapp set vi på innsatsen til dei tilsette i eit politidistrikt som klarer å jobbe førebyggjande og hindre større utbreiing av narkotika, trafikkuhell, eller får meldt frå til barnevernet om eitt barn som lid under omsorgssvikt? Dette har kanskje Bjarne Håkon Hanssen eller andre «verdiskaparar» svaret på.

Norge er det landet som har høgast tillit til medborgere og samfunn. Vi har - i forhold til svært, svært mange andre land - eit godt og velfungerende politi, skulevesen og helsevesen. Vi stoler på at skattepengene går tilbake til fellesskapet, og ikkje i lomma på korrupte politikarar. Vi har tillit til at dersom vi blir sjuke får vi god behandling på sjukehuset uavhengig av økonomi.

Mange av goda det offentlege produserer vil du først merke når dei er borte. Først i fråveret av «produserte varer» som helse, kompetanse, tryggheit og rettferdigheit vil vi sjå verdien av desse goda.

Forestillinga om at det berre er verdiskaping dersom vara få ein prislapp og bli omsett i ein marknad, er omtrent like innsiktsfullt som å seie at lykka først og fremst er avhengig av kva vi kan kjøpe i butikkane.

Innlegget sto på trykk i Dagbladet 30. oktober 2009

 

 



 


Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no