Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"På leiarplass 10. oktober kommenterer Dagbladet ressurssituasjonen i politiet. I velkjent stil vil Dagbladet arrestere dei "som syter" over ressursmangel."
>> Les innlegget
 
 
 
 
blank document image 1 blank
Likelønn – evig vikeplikt?

Av Anders Folkestad, leiar i Unio

Eit oppslag i Dagbladet 15.2. kan tyde på at eg gir dagens regjering skulda for manglande likelønnsframgang dei siste 25 åra. Det er i så fall feil, og ville vere å plassere eit urimelig ansvar på Stoltenberg-regjeringa.

Dei raudgrøne er slett ikkje verre enn sine forgjengarar, snarare tvert imot. Dagens regjering har i det minste skapt forventningar. Regjeringa sette mellom anna ned likelønnskommisjonen. Kommisjonen skapte fart i debatten ved å framheve at likelønn er ei stor samfunnsoppgåve, som ikkje berre kan overlatast til partane i arbeidslivet åleine. Forslaget om ein likelønnspott på tre milliardar kroner over statsbudsjettet tydeleggjer nettopp det politiske ansvaret. Ein slik pott løyser ikkje problemet. Til det er likelønnsgapet for stort, men det vil vere ein god start. Det passar i grunnen aldri å ta likelønnsgrepet.

I gode tider, vil satsing på likelønn drive lønningane opp, har vore det gjengse standpunktet. Og i dårlege tider, er det også ”uråd” å gjere noko. Dette minner faretruande om evig vikeplikt. Difor trengst nye køyrereglar. Likelønnskommisjonen har i det minste teikna nye skilt. Men det er regjeringa som må gi klarsignalet.

 



 


Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no