I dag vart det semje om ny arbeidstidsavtale mellom staten og politiet. – Dette er eit godt steg på vegen mot eit styrka politi, seier Unio-leiar Anders Folkestad.
Hovudsammenslutningane og staten blei tidlegare i dag samde om ny særavtale for politiet. Dette kom i stand etter drøftingar mellom politidirektoratet og Politiets Fellesforbund samen med andre organisasjonar i politi- og lensmannsetaten.
Svært gledeleg
- Det er svært gledeleg at partane kom fram til semje, og dette er godt steg på vegen mot eit styrka politi, seier Unio-leiaren, men han understrekar samstundes at dette ikkje betyr at alle utfordringane er løyste.
Betre enn forskrift
-Gjennom denne avtalen får politiet i praksis ekstra ressursar fordi dei utvidar arbeidstida mot ein avtalt kompensasjon, seier han.
- Dette betyr at forskrifta er lagt til sides, og det ingen tvil om at det er langt betre å ha ein avtale mellom partane enn ei einsidig forskrift frå regjeringa,
Hovudtrekka i avtalen
Avtalen som er inngått betyr mellom anna:
- utvida arbeidstid med ein time per veke for 9 000 tilsette med ei godtgjersle på 15 000 kroner per år (frå 01.10.09 til 01.09.12). Dette representerer ein ressursauke på ca 230 årsverk.
- over 6 000 polititenestemenn i operativ teneste får ei samla, auka godtgjersle på 40 000 kroner per år.
- 600 påtalejuristar og 400 andre stillingar (sivile stillingar) får ei samla, auka godtgjersle på 35 000 kroner per år
- utvida unntak vil gi større fleksibilitet for tenesteutførelsen, fleire aktivitetar/oppgåver der unntak kan nyttast og unntak for nokre stillingskategoriar (sivile) som ikkje har avtalte unntak i dag.
Les meir på Politiets Fellesforbund sine nettsider:
Mer politikraft mot økonomisk kompensasjon
Mer politikraft uten forskrift
Skrevet 9.7.2009