Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"På leiarplass 10. oktober kommenterer Dagbladet ressurssituasjonen i politiet. I velkjent stil vil Dagbladet arrestere dei "som syter" over ressursmangel."
>> Les innlegget
 
 
 
 
blank blank
Arbeidsmiljøkongressen 2010
I haust går den store Arbeidsmiljøkongressen av stabelen i Bergen. Unio-leiar Anders Folkestad åpnar kongressen 20. oktober.

Arbeidsmiljøkongressen som vert arrangert annankvart år er Nordens største og viktigaste HMS-møteplass. Arrangementet skal vere i Grieghallen i Bergen frå 20.-22. oktober. I juni er det allereie 500 som har meldt seg på.

Anders Folkestad, som er styreleiar i Arbeidsmiljøsenteret, åpnar kongressen 20. oktober. Han deltek i tillegg i debatten om medbestemming på arbeidsplassen.

Direktøren i Arbeidsmiljøsenteret, Paul Norberg, er stolt over programmet:
- Vi har fleire av landets fremste ekspertar som føredragshaldarar. Dette blir en arbeidsmiljøkongress som er spekka med høgdepunkt, seier han på nettsida til Arbeidsmiljøsenteret.

Tema på kongressen i år er mellom anna:

  • næringslivet sitt klimaansvar
  • sjukefråvere
  • muskel- og skjelettplagar
  • sikkerheit på arbeidsplassen
  • diskriminering i arbeidslivet
  • godt leiarskap
     

Les meir på nettsidene til Arbeidsmiljøsenteret

Skrevet 29.6.2010

 


[Tilbake]

Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no