Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"På leiarplass 10. oktober kommenterer Dagbladet ressurssituasjonen i politiet. I velkjent stil vil Dagbladet arrestere dei "som syter" over ressursmangel."
>> Les innlegget
 
 
 
 
blank blank
Likeløna står i stampe
– Dei borgarlege partia har eit poeng når dei knyter likeløn til kvinner med høg kompetanse i offentleg sektor, seier Unio-leiar Anders Folkestad i ein kommentar til siste TBU-rapport. Den syner auka forskjellar mellom kvinner og menn med høg utdanning.

Teknisk Beregningsutvalg (TBU) publiserte i dag ein ny rapport med fersk statistikk, mellom anna for kvinner og menn si løn. Størst er skilnaden for dei med inntil 4 års høgre utdanning, der kvinner no tener 79,0 prosent av menn si løn. Tilsvarande for kvinner med meir enn 4 års høgre utdanning er 80,5 prosent.

– Dette syner at dei borgarlege partia er nærare treffsikre tiltak når dei foreslår ein kompetansepott knytt til kompetansegruppene i offentleg sektor. Det er eit tankekors at regjeringspartia samstundes manglar tiltak og held seg til retorisk famling, seier Folkestad.

Fryktar for rekrutteringa

Den viktigaste årsaka til forskjellane er at dei kvinnedominerte yrka ikkje blir verdsett like høgt som mannsdominerte yrke med samanliknbart kompetansenivå og ansvar.

– Tala gjev grunn til bekymring for rekrutteringa. Velferdstenestene har eit enormt behov for kompetansen i dei yrka som sakkar akterut, seier Folkestad.

85 prosent sidan 1985

Samla for alle yrkesaktive kvinner og menn er det små utslag i statistikken. Kvinner tente i 2008 i snitt 85 prosent av menn si løn. Det er opp frå 84,3 prosent i 2007.

Likelønnskommisjonen skriv at kvinner si løn sidan 1985 har vore om lag 85 prosent av menn si løn. Kvinner på lågare utdanningsnivå ligg nærare menn si løn.

Offentleg sektor

Lønsveksten for offentleg sektor var i 2008 høgare enn i privat sektor, unntatt finansnæringa. Både staten og kommunal sektor hadde ein lønsvekst på 6,7 prosent, og helseforetaka hadde 6,5 prosent. Undervisningspersonell i kommunane hadde derimot lågare lønsvekst enn snittet, med 5,7 prosent.

– Vi ser at offentleg sektor hadde ei god utvikling i fjor, men samstundes var 2008 eit år med Unio-streik på grunn av at profilen i oppgjeret ikkje trefte utdanningsgruppene. Dette saman med ein dårleg likelønsprofil var årsaka til Unio-streiken, seier Folkestad.

– Difor har vi ikkje kome nærare likeløn for dei gruppene der skilnaden mellom kvinner og menn er størst, seier Folkestad.  

Skrevet 24.6.2009

 


[Tilbake]

Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no