Unio og KA (Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon) vart i dag ferdig med forhandlingane i mellomoppgjeret for 2009. Ramma på om lag 5 prosent kom på plass allereie i fjor.
På same måte som på KS-området blei forhandlingane om økonomi unnagjort i fjorårets oppgjer. Då vart KA og Unio samde om eit generelt tillegg på 3 prosent, men minimum 9 000 kroner frå 1. mai 2009.
Godt fornøgd
- Vi er godt nøgde med at vi fekk dette på plass i fjor, slik at medlemmene får ei akseptabel lønnsutvikling også i år, seier forhandlingsleiar Leif Endre Grutle.
Dette gir ei ramme over samanliknbare tariffområde, og på bakgrunn av dette vart partane samde om å ikkje avtale ytterlegare lønnsvekst i år.
Ser på lokal lønndanning
Partane vart også samde om å opprette eit partssamansett utval som skal sjå på erfaringane frå lokal lønnsdanning fram mot 2010.
Last ned protokollen her.
Skrevet 22.6.2009