Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"På leiarplass 10. oktober kommenterer Dagbladet ressurssituasjonen i politiet. I velkjent stil vil Dagbladet arrestere dei "som syter" over ressursmangel."
>> Les innlegget
 
 
 
 
blank blank
Ein offentleg skule for alle
Unio støttar Regjeringa sitt ønskje om å stanse veksten av private skular, men opnar for unntak.

- Unio er positiv til lovendringar som avgrensar veksten i private skuler fordi vi vil ha eit offentleg skuletilbod for alle. Og dette skal vere under politisk styring og ansvar, seier Unio-leiar Anders Folkestad.

Må primært vere skule
Kunnskapsdepartementet sende eit forslag om endringar i friskulelova ut på høyring før jul. Unio leverte sitt høyringssvar førre veke, og viser til at det er naudsynt med ei innstramming av friskulepolitikken. Formålet med dei private skulane må primært vere å drive skule, ikkje å gi opplæring til ei bestemt tru eller gi kunnskap om ein bestemt undervisningsfilosofi.

Ikkje til skuleeigarane
Unio støttar målet om å førebyggje kommersielt motivert skuleetablering og lekkasje av offentlege tilskott. Unio går derfor inn for at det blir innført eit generelt forbod mot overføringar til eigarane.

Religion og pedagogiske alternativ
Ut frå ei samla vurdering støttar Unio at lova opnar for at skular skal kunne godkjennast på eit reelt religiøst grunnlag. Det bør også vere opning for godkjenning med rett til tilskot til det som i den gamle privatskulelova vart kalla pedagogiske alternativ.

Toppidrett
For mange unge er det svært viktig å kunne kombinere utdanning med toppidrett. Unio viser til at også offentlege skular har tilbod som kombinerer toppidrett og vidaregåande opplæring innafor utdanningsprogram for idrettsfag, og meiner difor det er viktig å vidareutvikle tilbodet innanfor den offentlige vidaregåande skolen. Ei eventuell opning for private toppidrettstilbod må vere restriktiv, og berre gjelde for vidaregåande opplæring.

Grendeskulane
Det er viktig å halde fast ved prinsippet om at det er kommunane som har ansvaret for den offentlege skulestrukturen. Unio er derfor einig i at det ikkje er rett å opne for at grendeskular skal vere eit eige grunnlag for tilskot etter privatskulelova. Ei slik ordning vil kunne fungere som ei oppfordring til kommunane om å leggje ned kommunale grendeskular. Det kan reelt sett føre til ei privatisering av skular i utkantane av kommunane og opne for godkjenning av private skular med dei same læreplanane som i offentlege skular.

Friskular for funksjonshemma
Departementet varslar ei særskilt vurdering av dei særskilte grunnskulane og vidaregåande skulane for funksjonshemma. Desse skulane har eit høgre tilskot enn andre friskular med parallellar i den offentlege skulen. Unio meiner at mange av dei private skulane for funksjonshemma gir unike tilbod som byggjer på spesiell kompetanse utvikla ved skulane over år. Tilboda ved desse skulane finst oftast ikkje ved dei offentlege skulane. Vi er einig i at det ikkje blir gjort endringar for desse skulane før Stortinget har handsama den varsla vurderinga.

Lærartettleiken
Unio meiner det var særs uheldig at klassedelingsreglane i opplæringslova vart oppheva. Sjølv om dei ikkje var gode nok som minstestandardar for å sikre ein lærartettleik som kan gje betre tilpassa opplæring, var dei likevel ei naudsynt sikring mot for store elevgrupper per lærar, og dei sytte for at skulane vart sikra ein minsteressurs til opplæringsverksemda.

Skrevet 19.10.2007

 


[Tilbake]

Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no